Half-Life
- Denne artikkelen handlar om det fyrste spelet i serien. For ein oversikt over heile serien, sjå Serien Half-Life.
Half-Life (HL eller HL1) er eit futuristisk fyrstepersonsskytespel, laga av Valve Software, først utgjeve av Sierra Studios den 19. november 1998, for datamaskiner som køyrer Microsoft Windows. Den 14. november 2001 vart spelet gjeve ut til spelkonsollen Playstation 2. Half-Life brukar ein tungt modifisert utgåve av den første Quake-motoren.
Half-Life | |||
| |||
Utviklar(ar) | Valve Software | ||
---|---|---|---|
Utgjevar(ar) | Sierra Entertainment | ||
Distributør | Steam | ||
Forfattar | Marc Laidlaw | ||
Komponist(ar) | Kelly Bailey | ||
Serie | Half-Life | ||
Spelmotor | GoldSrc | ||
Plattform(er) | Linux, PlayStation 2, Microsoft Windows, macOS | ||
Utgjeving | PC: 19. november 1998 PlayStation 2: 15. november 2001 | ||
Sjanger | Fyrstepersonsskytespel | ||
Spelemodus | Enkelt og fleirspelar | ||
Aldersgrense | 16 år | ||
Medium | CD-rom, DVD-rom, netlasting frå Steam | ||
Nettstad | http://half-life.com/ | ||
Del av serien Half-Life⠀ | |||
Half-Life 2→ |
I Half-Life spelar du som Gordon Freeman, ein nyleg uteksaminert teoretisk fysikar. I ein hemmeleg underjordisk amerikansk rakettbase ved namn Black Mesa, gjer ein forsøk på teleportering til andre verder. Når dette går gale må Freeman sjølv trå til for å stoppe ein utanomjordisk invasjon og redde sine medarbeidarar.
Half-Life har rekorden for mest selde dataspel innan si sjanger, med 8 millionar selde. Spelet vart opplevd som stort nybrottsarbeid, då det gjekk heilt bort ifrå filmsekvensar for å fortelje ei historie. I staden fokuserte ein på fyrstepersonsperspektivet til spelaren, som opplevde førehandsdefinerte sekvensar som området gjekk igjennom og datastyrte karakterar utførte.
Handling
endreSpelet sin handling blei opphavleg inspirert av videospela Doom, Quake (båe spel produsert av id Software) og Resident Evil (utgiven av Capcom), Stephen King si novelle The Mist, og ein episode av The Outer Limits kalla «The Borderland».
Utvidingar
endreTo utvidingar vart laga av selskapet Gearbox Software for dataversjonen: Half-Life: Opposing Force (1999) og Half-Life: Blue Shift (2001). Half-Life: Decay var ei anna utviding av Gearbox, utgjeven for å følgje med på PlayStation 2 utgåva av Half-Life.
I 1999 følgde Team Fortress Classic med i ei oppdatering til Half-Life. Dette var skapt av tilsette i Valve, som tidlegare hadde laga Team Fortress til Quake som hobby. Oppfølgjaren til TFC kom med The Orange Box i 2007.
I 2004 kom oppfølgjaren Half-Life 2, som vart særs godt motteken av kritikarar og publikum. Serien har fortsett i mindre episodar.
Modifikasjonar
endreValve oppfordra og hjelpte til for eit levande modifiseringsmiljø rundt dette spelet, og miljøet blomstra sterkt. Verktøy for å lage brett vart levert gratis med spelet sin CD. Valve gav også ut eit gratis verktøy for å utvikle programvare.
Mottaking
endreHalf-Life sine mottakelse var overveldande positiv. Spelet har vunne over 50 Game of the Year-prisar. På nettstaden Metacritic ligg spelet på ein score på 96 av 100. Guinness World Records tildelte Half-Life verdsrekorden for «Bestseljande fyrstepersonsskytespel nokon gong (til PC)» i Guinness World Records: Gamer Edition 2008.
Ein kortfilm basert på Half-Life med tittelen Half-Life: Uplink, blei utvikla av Cruise Control, eit britisk reklamebyrå, og blei given ut den 15. mars 1999. Filmen fekk dorlege tilbakemeldingar.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Half-Life (video game)» frå Wikipedia på engelsk, den 11. november 2007.