Hallgrim Berg

norsk historikar og politikar

Hallgrim Berg (fødd 28. januar 1945) er ein norsk Høgre-politikar frå Ål i Buskerud. Han vart innvald på Stortinget frå Buskerud i 1981.

Hallgrim Berg
Fødd28. januar 1945 (79 år)
Ål
Statsborgar avNoreg
PartiHøgre
Yrkepolitikar, lektor, folkemusiker, forfattar, forretningsdrivande, plateartist
Utdanna vedUniversitetet i Oslo
EktefelleMaria Høgetveit Berg
BarnBorgar Høgetveit Berg, Sigrun Høgetveit Berg
MedlemEuroparådets parlamentarikerforsamling
Alle verv

Berg var vararepresentant på Stortinget i periodane 1977–1981, 1981–1985 og 1997–2001. Hallgrim Berg har vore aktiv målmann i mange år, og sat i arbeidsutvalet til Noregs Mållag frå 1968 til 1970, og har vore leiar i Ål og Torpo Mållag. Han er gift med Maria Høgetveit Berg.

Hallgrim Berg er og ein god utøvar på munnharpe og seljefløyte, og ein god dansar. Han har gjeve ut fleire plater med tradisjonsstoff frå Ål, og skrive fleire bøker og artiklar om folkemusikken i Hallingdal (mellom anna ein utførleg biografi om spelemannen Odd Bakkerud).

Stortingskomitéar endre

Bakgrunnsstoff endre