Hallingdans
Hallingdans og lausdans er nemninga på ein gamal norsk folkedanstype. Dansen har kjerneområdet sitt i Valdres og Hallingdal som har rikeleg skriftleg dokumentasjon tilbake til 1600-talet. Ordet «lausdans» tyder at dansaren eller dansarane er «lause» og dansar aleine, motsett pardans som springar. Lausdansen går ofte inn som ein deltur i tradisjonell springar, bonde og gangardans.
Ordsoge
endreDansen har vore kalla lausdans hovudsakleg i Hallingdal. I Valdres er det mest kjeldemateriale på at halling har vore det vanlege namnet på denne dansen. Hallingdans kan imidlertid også vera ein pardans, men denne dansen er ute av bruk i Hallingdal. Det er kjelder for at denne pardansvarianten har vore kalla bonde både i Hallingdal og Valdres. I Valdres er det fleire kjelder for å danse bonde, og dansen er slik rekonstruert og teken i bruk at. Ein teori på namnet bonde/bondedans har vore at ein kallar ein det å danse åleine for å danse «laus» og det å danse i par (bunden) for å danse «bonde». Dette samsvarar likevel ikkje med dialekta i Valdres og Hallingdal, noko som talar imot at dette er opphavet til namnet.
Det finst mange teoriar for bakgrunnen til ordet «hallingdans», men ingen av dei kan stadfestast objektivt av skriftelege kjelder. Nemninga «halling» har lenge vore rekna som knytt til landskapsnamnet Hallingdal, sjølv om nabodalen Valdres har like rikt historisk materiale for lausdans.[1] Det er òg blitt hevda at namnet skriv seg frå ordet halv, og skal vise til at dansen var ein fordans til springaren. Hallingen skulle soleis vere «halve» dansen i ei større lekkje av dansar.[2] Denne teorien er prova gjennom bruken av orda «halving» eller «halling» og «kvarting» om halvdelar og fjerdedelar mellom bygdefolk utanfor Valdres og Hallingdal.
Utføring
endreLausdansen har for det meste vore ein rein karfolkdans. Det finst døme heilt tilbake til 1700-talet på spreke jenter som og har kasta seg utpå, og nokre av dei, slike som Rande-Ambjørg, var så glupe dansarar at dei var jamlike med dei beste karane. Dansen var ofte nytta for at unge og lettføre karar skulle syne krefter mot kvarandre, og for jentene.
Dansen har vore utført noko ulikt i dei ulike dalføra, og strukturen er som oftast improvisert. I hallingdansen, i motsetnad til i pardans, får dansarane stor personeleg fridom i val av musikalsk tolking, rørslemateriale, ornamentikk og dramaturgi. Dansaren byrjar med nokre lette springesteg før han tek på med meir avanserte godkarsstykke, som til dømes å slå stiften, gå på hendene, snurre på hovudet og andre avanserte turar, som har vore og er knytt til dansen (korketrekkaren, nakkespretten, hoppe over leggen, kaste over geite, kruking).
Klimaks i dansen er ofte hallingkastet, der det er om å gjera å spenne ned ein hatt frå ein kjepp. Dei sprekaste dansarane har nådd rundt 2,80 meter opp i lufta i dei høgaste kasta.
Omdøme
endreI historisk tid har dei gode lausdansarane vore vidgjetne for dansekunsta si, og ikkje så lite byrge av ho. Eit godt døme på dette er Rotneims-Knut. Gode dansarar har ofte fått lausslåttar kalla opp etter seg til minne. Samstundes har mange lausdansarar i gamal tid kome på kant med lova, av di dei ikkje berre var gode dansarar, men og snøgge til å trekke kniv. Det er fleire døme på drapssaker og skadesaker der gode lausdansarar har vore innblanda. God kroppsføring kunne også verke pacifistisk. Dyktige lausdansarar som ikkje innretta seg etter samfunnet sine normer, men var vande å ta i slosskamp, vart ikkje yppa på. Desse gjekk frikar som ein seier. Rotnheims-Knut, Sevle-guten, Kåte Reiar og Valdres-Knud er døme på slike frikarar.
Lausdans-klassa er i dag ein av dei mest populære delane av Landskappleiken, og dansarane i dag har godt omdøme.
Stilmessig har det vore påpeikt at dansestilen er skyldt til mange liknande karfolkdansar i andre verdslutar, slik som capoeira, reel frå Skottland og Irland, og i nyare tid breakdans. I nyare tid har yngre lausdansarar gjerne møtt og kappast med ulike dansarar frå desse stilartane.
Lausen har fått eit oppsving i popularitet på grunn av FRIKAR dance company, som nytta laus under finalen i Eurovision 2009 i Moskva. Hallgrim Hansegård sin koreografi til vinnarsongen «Fairytale» vann prisen for beste koreografi, og musikaren Alexander Rybak vann sjølve tevlinga. Hansegård har også vore ein ambassadør utad for lausdansen og var mellom anna ambassadør for Dansens dag i 2010. Soleis er søkinga til lauskurs større enn på mange år, og det er like mange jenter som gutar på kursa.
Kjelder
endreFotnotar
endre- ↑ Sylfest Lomheim i Språkteigen 25.10.2009
- ↑ Teorien om at namnet skriv seg frå eit ord «halvdans» var lansert i Spelemannsbladet, seinare teken oppatt i Klassekampen 2009
Bakgrunnsstoff
endre- FRIKAR dance company: Heimesida til det kjente hallingdanskompaniet Arkivert 2011-10-11 ved Wayback Machine.
- Historikk: Lausdanshistoria på engelsk med videoar Arkivert 2011-10-11 ved Wayback Machine.
- Hallgrim Hansegård sin vinnardans frå Landskappleiken 2011 [1]
- Martin Myhr dansar laus [2]
- Laus: Nettkurs i lausdans[daud lenkje]
- Video: Gullik Kirkevoll og Eivind Thon dansar laus i 1935