Hallvard Ophuus Devold (fødd 8. november 1898 i Tysfjord, død 10. september 1957) var ein norsk fangstmann og oppdagar i meteorologien si teneste i polare område. Han var utdanna cand.oecon. ved Universitetet i Oslo i 1920. Han var styrar på Jan Mayen metereologiske stasjon under den private annekteringen av øya i 1926 og leia ekspedisjonen som heiste det norske flagget i Myggbukta i 1931. Annekteringa av Jan Mayen i 1926 førte til at øya seinare vart ein del av Noreg. Flaggheisinga i Myggbukta la grunnlaget for skipinga av Eirik Raudes Land.

Hallvard Devold

Statsborgarskap Noreg
Fødd 8. november 1898
Tysfjord kommune
Død

10. september 1957 (58 år)
Rogaland fylke

Yrke oppdagar
Hallvard Devold på Commons

Tidleg liv endre

 
Hallvard Devold i tida i Myggbukta

Hallvard Devold vart bite av «polar-basillen» på grunn av sine frilufts- og jaktinteresser i ung alder.

1920-1922 var Devold i halvtanna år meteorologi-assistent under licentiat (seinare professor i Uppsala) H. Köhler på Halddeobservatoriet ved Alta. Køhler hadde den uvanen at han stadig gav den unge Devold vitskapleg litteratur på nattbordet med ordrar om å pløye seg gjennom bøkene. Saman med dei daglege vêrobservasjonane gav dette han ein ballast i meteorologi, som kom godt med seinare. Den tida til jakt og friluftsliv han hadde håpt på, vart det likevel lite av.

Sommaren 1922 fekk han den første verkelege arktiske røynsla si som kolarbeidar ved Hiorthhavn i IsfjordenSvalbard.

Vinteren etter tok han kurs i radiotelegrafi og våren 1923 fekk han melding av direktør Ole Andreas Krogness ved Det Geofysiske Institutt at han frå august 1923 var tilsett som meteorologassistent og radiotelegrafist ved Quade Hoek (hollandsk for Den forbante odden), ca 1 mil vest for Kings Bay, saman med broren sin Finn Devold og Sverre Straum. Ei natt i juli 1924 vart Finn oppmerksam på eit lite sjøfly utpå havet i vest. Dei forstod at noko var gale fatt, for det bles 16 m/s og ingen ville vel lande frivillig på sjøen i slikt vêr. Dei sette ein 16 fots motorbåten på vatnet og drog utover. Etter ein strevsam ferd, der både motoren stoppa og roret fall av, fekk dei ei line ombord i flyet og taua det inn til land. Ombord i flyet var to engelskmenn, mr. George Binney, sjefen for Oxford University Arctic Expedition 1924, og piloten hans mr. Ellis. Dei gav redningsmennene nokre flaskar whisky for strevet. Mr. Binney omtalte seinare redningsdåden i særs begeistra ordelag i rapporten sin til Oxford University. Hallvard Devold vart på Quade Hoek til oktober 1924, då stasjonen vart nedlagt av økonomiske årsaker. Dei siste månadene var han der åleine då dei to andre vart beordra heim om sommaren.

Jan Mayen endre

 
Skilt som viser til dei norske anneksjonane.

I 1925—26 var Devold styrar for den norske meteorologi- og radiostasjonen på Jan Mayen, med ei besetning på tre menn, den kjende ishavsfararen Kvive Andersen og ein skulekamerat, Fritz Øien. På øya ligg den fjerde høgaste fjelltoppen i Noreg, vulkanen Beerenberg på 2370 moh med siste utbrot i 1970. Ved eit forsøk på å forsere breen under ein fottur på Beerenberg mista Devold fotfestet og sklei utfor ned mot eit stup i havet. Men han forheldt seg kald, fekk i siste augneblunkar tak i ein haug og redda livet. Øya var på denne tida statslaust land, men dei annekterte ho på vegne av Det Norske Meteorologiske Institutt og sette opp fleire skilt om dette rundt på øya. Skilta hadde teksten: «Det Norske Meteorologiske Institutts eiendom». Dette la grunnlaget for at leiar for Noregs Svalbard- og Ishavsundersøkelser, NSIU, dr.philos. Adolf Hoel, sikra Noreg retten til Jan Mayen i 1928. Øya vart underlagt norsk suverenitet ved kongeleg resolusjon 8. mai 1929 og vart ein del av kongeriket 27. februar 1930, jf Jan Mayen-lova § 1.

Austgrønland endre

 
Dokumentet underskrive ved flaggheisinga i Myggbukta 1931

Hallvard Devold overvintra på Austgrønland seks år i tida 1926-1933 og eit seinare år, mesteparten av tida i Myggbukta, som meteorologassistent og radiotelegrafist. Devold og dei mange andre, norske fangstmennene på Austgrønland bygde omkring 80 hytter til overvintrings- og jaktformål med 20–50 km avstand. Dette var Devold sin ide, basert på dei røynslene han hadde frå Svalbard og Jan Mayen. Dei fleste hyttene var ått av Arktisk Næringsdrift A/S, der Hallvard Devold var dagleg leiar. Broren hans Finn Devold var involvert i nokre av føretaka.

Han leia den ekspedisjonen, som den 27. juni 1931 heiste det norske flagget i Myggbukta og annekterte delar av Aust-Grønland under namnet Eirik Raudes Land. Etter flaggheisinga sende Devold ut følgjande telegram for å annonsere okkupasjonen:

I nærvær av Eiliv Herdal, Tor Halle, Ingvald Strøm og Søren Richter er idag det norske flagg heist i Myggbukta. Og landet mellom Karlsbergfjord i syd og Besselfjord i nord okkupert i Hans Majestet Kong Haakons navn. Landet har vi kalt Eirik Raudes Land.

Telegrammet vart sendt til Aftenposten, Dagbladet og Tidens Tegn (VG) same dag. To dagar seinare vart Regjeringa underretta. Dette trekket var eit reint kupp, berekna på å skape ei stemningsbølgje i folkesetnaden i det unge Noreg og utsetje Regjeringa for eit press frå media før den offisielt hadde fått kjennskap til kva som føregjekk. Planen lukkast og Regjeringa vart tvinga til å støtte den private okkupasjonen få dagar seinare. Danmark protesterte og førte saka inn for Den internasjonale domstolen i Haag, der Noreg tapte saka på alle punkt våren 1933. Dette har vorte omtalt som Grønlandssaken. Sysselmann i den knapt to år lange perioden Eirik Raudes Land eksisterte var Helge Ingstad.

Etter polartida si meinte han at han hadde skote 1100-1200 moskus, rev, ulv og isbjørn. Ein god del av skinna vart selt på pelsauksjonane i Oslo.

Antarktis endre

Hallvard Devold deltok saman med den kjende skiløparen Olav Kjelbotn som mannskap på kaptein Hjalmar Riiser-Larsen sin mislukka ekspedisjonen til Antarktis i 1932. Kjelbotn var òg ein av Austgrønland-karane og hadde overvintra i fleire år der. Isen, som dei lossa alt utstyr for eit års overvintring ned på frå ein kvalbåt utanfor kysten av Enderby Land, var etter alt å dømme sju år gammal, men braut opp allereie første natta. Dei tre dreiv til havs på eit isflak saman med ei schäfertispe. Dei 52 andre hundane dreiv avgarde på eit anna isflak der eit berg med kvalkjøtt var lossa. Desse hundane forsvann på flaket sitt og vart seinare aldri observert. Devold og Kjelbotn veksla på å trå på ein ergometersykkel med dynamo, som leverte straum til ein liten radiosendar. Etter den vel dramatisk syklinga med to døgn med morsing, der vind og sjø stadig braut isflaket deira mindre og mindre, fekk dei omsider kontakt med ein norsk kvalbåt og vart redda.

Krigen endre

Hallvard Devold melde seg frivillig til militærteneste våren 1940 og deltok som soldat på alliert side i den franske Fremmedlegionen under slaget ved Narvik, der han tildels var under norsk kommando, men altså i fransk uniform. Ordrane hans frå franske offiserar var å delta i kampane saman med norske styrkar og å operere som bindeledd mellom norske og franske styrkar. Han fortalde sjølv seinare denne episoden om deltakinga si:

Den avdelinga han var tilsett i skulle krysse ein fjord for å angripe tyske styrkar. På motsett side av fjorden fanst eit tysk reir, som hadde til oppgåve å forhindre ei slik krysning. Nordmenn / allierte og tyskarar skaut mot kvarandre over fjorden utan særleg hell, men det vart rekna som for risikabelt å setje over fjorden i store båtar i stor mengd. Det vart vedteke å la to små robåtar med tre menn i kvar båt krysse over først noko til side for den tyske stillinga. To menn skulle ro som besett i kvar båt, medan éin skarpskytter skulle liggje i kvar baug og skyte mot tyskarane det dei var kar om. Samstundes skulle dei norske / allierte styrkane skyte mot den tyske stillinga frå land for å avleie merksemda deira frå robåtane. Hallvard Devold låg i den eine baugen og skaut alt han klarte med berre fem skot i magasinet, medan kulane kvein over hovuda på dei. Begge robåtane kom seg over fjorden utan å bli treft, karane gjekk i land på stranda og skaut så på dei tyske mannskapa frå sida. Då tyskarane kom under dobbelt eld, både frå seks menn frå sidan og frå hovedstyrken på den andre sida av fjorden trekte dei seg bakover, og dermed vart det høvet for resten av den norske / allierte styrken til å kome seg over fjorden i større båtar.

Helge Ingstad skreiv følgjande i sin minnekronikk i Aftenpostens aftanutgåve den 17. september 1957 om krigsdeltakinga til Devold:

Til slutt vil jeg nevne Hallvard Devolds innsats under krigen i Norge, jeg kjenner noe til den fra menn som sloss ved hans side. Han meldte seg straks til tjeneste, havnet i Narvik-distriktet hvor det gikk hardt for seg. Han var med på det siste stormløpet oppover fjellet mot tyskerne, som ble drevet tilbake, hvorefter Narvik ble erobret. Major Knut Haugland, den kjente mann fra krigen og Kon Tiki, forteller at Hallvard Devold var blant de elleve første nordmenn som rykket inn i Narvik. Men så skulle det altså bli slutt. Og han var ikke mer enn 58 år. Han vil bli husket av mange som den fribårne mann og den usvikelige kamerat han var.

Etter krigen endre

 
Flaggheisinga i Myggbukta

I tida 1951-1957 var Devold disponent ved silderøykeriet på Gofarnes nord for KopervikKarmøy, der han mottok fangsten frå sildeskøytene på Sør-Vestlandet, leia drifta av røykeriet og stod for eksport av røykasild til land som Portugal, Brasil og Argentina.

Devold er forfattar av boka Polarliv, utgjeve på Gyldendal i 1940.

Han ligg gravlagd på kyrkjegarden ved Kopervik kyrkjeKarmøy i Rogaland.

Privat endre

Hallvard Devold er barneborn til industribyggeren Ole Andreas Devold og farfar til filmregissør Leiv Igor Devold

Til minne om Hallvard Devold endre

Fjelltoppane Devoldnuten og Devoldkalven i Dronning Maud Land er oppkalt etter Hallvard Devold.

Kjelder endre