Hallvard Sandnes

norsk lærar

Hallvard Sandnes (fødd 27. mars 1893 i Vikeli i Bygland i Setesdal, død 25. juli 1968) var ein norsk lærar, forfattar og teikneserieskapar. Han skreiv teksta til teikneserien Ingeniør Knut Berg på eventyr. Teiknar var Jostein Øvrelid. Dei to skal visstnok aldri ha møttest. Samarbeidet foregjekk gjennom brevveksling.[1]

Hallvard Sandnes
Statsborgarskap Noreg
Fødd 27. mars 1893
Bygland
Død

25. juli 1968 (75 år)
Stavanger kommune

Yrke teikneserieskapar, skribent, science fiction-forfattar, skuleleiar

Hallvard Sandnes var ihuga målmann. Han skreiv eit konservativt nynorsk. I tillegg til at han fekk gitt ut 17 bøker, skreiv han òg føljetongar i fleire blad. I 1925 fekk han Melsom-prisen.

Under arbeidet med Ingeniør Knut Berg på eventyr brukte han pseudonymet Vigleik Vikli.

Bibliografi endre

  • Paa solbrune vidder – forteljingar (1913)
  • Livsens dogg. Ei bok om elskhug – (1917)
  • Bjønn-Per frå Skaratun – (1923)
  • Fjellkongen. Ei soga frå dei ville vidder – (1924)
  • Vardane brenn – (1925)
  • Nomelandskyrkja. Forteljing frå svartedauden (1926)
  • Soga um skjoldmøyane. Kultursoga fraa ikring aar 1000 etter Krist – (1926)
  • Norigards-Ram'n – (1928)
  • Er det ingen dag'e? – (1933)
  • Gamlekarane på Storebø. Bygdekomedie i 3 vendingar – skodespel (1933)
  • Steinar Orvik – roman (1941)
  • Aslak Dyrdal – roman (1941)
  • Folke Frøysnes – roman (1942)
  • Stavdalsgruvone – roman (1947)
  • Eldskrift på himmelen – (1955)
  • Røvarane i Urefjellshola. Fonna forlag.([1961]).
  • Gjenta er mi! Komedie i 3 vendingar – skodespel, nyutgåve av Gamlekarane på Storebø (1956)
  • På jakt etter eventyr – novellesamling (1966)

Kjelder endre

Fotnotar endre

  1. Haakon W. Isachen: Ingen jul uten Juleheftene side 89