Haltdalen er ein tidlegare sjølvstendig kommune i tidlegare Sør-Trøndelag fylke. Haltdalen hadde opphavleg namnet Holtaalen. Kommunen vart delt og Ålen skild ut som eigen kommune i 1855. Holtålen hadde frå starten som sjølvstendig kommune 809 innbyggjarar. Kommunen endra namn til Haltdalen i 1937.

Då Haltdalen vart samanslegen med Ålen kommune att 1. januar 1972, vart det tidlegare namnet teke i bruk på nytt. Haltdalen hadde ved samanslåinga 778 innbyggjarar og Ålen 1 944. Den nye kommunen, Holtålen kommune, fekk altså 2 722 innbyggjarar.

Haltdalen er òg namnet på ein av dei lengste dalane i Trøndelag.