Halvard Hanevold (3. desember 19693. september 2019)[1] var ein norsk skiskyttar frå Asker. Han var dobbelt verdsmeister og dobbelt olympisk meister i skiskyting.

Halvard Hanevold


Statsborgarskap Noreg
Fødd 3. desember 1969
Asker
Død

3. september 2019 (49 år)
Asker

Idrett skiskyting
Tok del i

Skiskyting under Vinter-OL 1994, biathlon at the 1998 Winter Olympics – men's individual, biathlon at the 2006 Winter Olympics – men's individual, biathlon at the 2006 Winter Olympics – men's sprint, biathlon at the 1998 Winter Olympics – men's relay, biathlon at the 2002 Winter Olympics – men's relay, Skiskyting under Vinter-OL 2010 – Stafett menn

Karriere endre

Hanevold si karriere profitterte på den radikale forynginga av det norske landslaget vinteren 1994. Sjølv om det ikkje vart nokon suksess i OL på Lillehammer bygde lagleiinga vidare på ungdomen, og i 1995 kunne Hanevold feira sin første verdsmeistertittel i den no avskaffa lagkonkurransen (saman med Frode Andresen, Dag Bjørndalen og Jon Åge Tyldum.) Han betra seg stadig, og har sidan 1996 alltid vore mellom dei 30 beste i verdscupen (beste plassering: 4. plass i 2003/04).

Tidleg i 1998 vann han sin første verdscupsiger i Antholz (Anterselva), to månader seinare vann han overraskande gull på 20 km i OL i Nagano, der han på siste runden tok knekken på italienaren Pieralberto Carrara. Veka etter kom sølvmedaljen på stafetten. Suksess-sesongen vart komplett med gull i lagkonkurransen i VM.

Frå 1998 til 2000 vann Hanevold fem verdscupsigrar til. I OL i Salt Lake City i 2002 vann han på nytt OL-gull med stafettlaget, men den neste individuelle sigeren kom ikkje før i VM i Khanty-Mansijsk i 2003, der han vann gull på 20 km.

I 2003/04-sesongen vann han i to etterfylgjande renn, kom på sigerspallen fem gonger og vann sølv i stafetten i VM. I VM i 2005 vann han på nytt gull på stafetten (saman med Ole Einar Bjørndalen, Stian Eckhoff og Egil Gjelland. I Torino i 2006 deltok han i sitt fjerde vinter-OL, og tok ein sølv- og ein bronsemedalje.

Hanevold var utdanna sivilingeniør.

Kortfatta merittliste endre

Kjelder endre

  1. Jørnholt, Malin (3. september 2019). «Halvard Hanevold er død». NRK (på norsk bokmål). Henta 3. september 2019.