Halvdan Sivertsen
norsk musikar
Halvdan Sivertsen (fødd 5. januar 1950) er ein norsk visesongar. Han er fødd i Tromsø, men voks opp og bur i Bodø. Han har vunne fem Spellemannprisar (to av dei saman med Gitarkameratene) og fått Nordland fylkes kulturpris (2000).
Halvdan Sivertsen | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 5. januar 1950 (74 år) Tromsø kommune |
Yrke | musikar, politikar, songar, gitarist, låtskrivar, plateartist |
Språk | norsk |
Politisk parti | Sosialistisk Venstreparti |
Medlem av | Gitarkameratene |
Nettstad | http://halvdansivertsen.no/ |
Halvdan Sivertsen på Commons |
Sivertsen er og kjent frå barneprogrammet Labbetuss som gjekk på NRK-TV i store delar av 80-talet. Han har sida 80-talet vore ofte å sjå som gjest i ulike program på TV.
Sivertsen har også delteke i Melodi Grand Prix, med songen «Liv laga» i 1981. Han enda på sjuandeplass.
Diskografi
endre- Halvdan 23 1/2 år (1973)
- Utsikt minus innsikt gir tilnærmet blindhet fra toppen av pyramiden (1975)
- Nordaførr (1979)
- Liv laga (1981)
- Amerika (1985)
- Ny og naken (1987)
- Hilsen Halvdan (1991)
- Helt Halvdan (1996)
- Tvil, håp og kjærlighet (2001)
- Frelsesearmeens Juleplate (2003)
- 40+ (2005)
Diskografi m/Gitarkameratene
endre- Typisk norsk (2005)
Prisar og utmerkingar
endre- Spellemannprisen 1981, visesong
- Spellemannprisen 1985, visesong
- Spellemannprisen 1990 m/Gitarkameratene, visesong
- Spellemannprisen 1990, m/Gitarkameratene, årets spelemann
- Gammleng-prisen 1993, vise
- Nordland fylkes kulturpris 2000
- Spellemannprisen 2001, visesong
- Skjæraasenprisen 2002
- Prøysenprisen 2005
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Halvdan Sivertsen» frå Wikipedia på bokmål, den 27. november 2006.