Hamarøy kommune

kommune i Nordland

Hamarøy kommune (lulesamisk Hábmera suohkan[1]) er ein kommune i Salten i Nordland fylke. Kommunen grensar i nordaust mot Narvik, i sør mot Sørfold, i sørvest mot Steigen og i søraust mot Jokkmokk kommunar. I nord er det kystlinje mot Vestfjorden og i vest ligg innhavet Sagfjorden.

Hamarøy kommune
kommune
Tømmernes.jpg
Kommunevåpen
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Nordland
Adm.senter Oppeid
Areal 2 020,45 km²
 - land 1 839,82 km²
 - vatn 180,63 km²
Folketal 2 708 (1. januar 2022)
Målform nøytral
Samisk språk lulesamisk
Ordførar Britt Kristoffersen (Sp)
Kommunenr. 1875

Hamarøy
68°4′0″ N 15°46′0″ E
NO 1875 Hamarøy.svg
Wikimedia Commons: Hamarøy
Nettstad: www.hamaroy.kommune.no

Hamarøy kommune, tidlegare Tysfjord kommune og Steigen kommune vert samla ofte omtalte som Nord-Salten og i enkelte interkommunale samanhengar som HTS-kommunane.

Hamarøy har eit areal på 1 031 kvadratkilometer og eit folketal på litt over 2 700. Administrasjonssenteret er Oppeid. Andre befolkningssenter er Presteid, Skutvik, Ulvsvåg, Innhavet, Tranøy, Drag og Storjorda.

Det nye kommunevåpenet vart teke i bruk 1. januar 2020 og viser eit svanepar som er inspirert av helleristingarKorsnes. Det gamle kommunevåpenet vart godkjent den 19. februar 1982 og viser ein sølvfarga gaupe på blå bunn.[2] Hamarøy er kjend som heimstaden til forfattaren Knut Hamsun.

GeografiEndra

Bjørntoppen (lulesamisk Biernatjåhkkå) 1520 moh, på grensa mot Narvik kommune, er det høgste fjellet i nye Hamarøy kommune.

HistorieEndra

Kommunereforma 2014-2017Endra

1. januar 2020 vart den gamle Hamarøy kommune og den sørvestre delen av gamle Tysfjord kommune slått saman til éin kommune under namnet Hamarøy kommune.[3]

Ved samanslåinga vart nye Hamarøy kommune innlemma i samisk språkforvaltingsområde[4], og er den einaste frå lulesamisk område på norsk side.

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Hamarøy kommune
  Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.