Handball-NM 2010/Kvinner

Noregsmeisterskapen i handball 2010 for kvinner vart vunne av Larvik Håndballklubb etter finalesiger 31 – 18 over Idrettsklubben Våg, som stilte under klengenamnet Vipers Kristiansand.

Semifinalane

endre
  • IK Våg – Gjøvik HK 33 – 19
  • Larvik HK – Storhamar IL 26 – 20

Finalen

endre

Finalen vart avvikla i Oslo Spektrum torsdag 30. desember 2010. Storfavoritten Larvik tok fullstendig styringa i kampen og leia 16 – 10 ved pause. I den andre omgangen auka laget forspranget, slik at til sist skilde tretten mål dei to finalistane.

Heidi Løke, Larvik sin toppskårar, skåra for tredje året i rad 8 mål i NM-finalen. Elles skåra Linn Sulland og Tine Kristiansen 5 gongar, Nora Mørk 4, Tonje Larsen 3, Olga Medvedeva 2, Tine Stange 2, medan Sara Breistøl og Karoline Breivang noterte seg for 1 mål kvar. Målvakta Cecilie Leganger vart kåra til kampens beste spelar.

Vipers-måla kom ved Veronica Kristiansen 6, Ingunn Birkeland 5, Emma Jonsson 4, Louise Pedersen 2 og Michelle Brandstrup 1.

Dommarane straffa begge mannskapa med to 2 minutts-utvisingar.

Kjelder

endre