Handelsflagg
Handelsflagg er eit flagg som handelsfartøy bruker som nasjonalitetsteikn til sjøs og tidvis i lufta. I nokre land, som dei nordiske, er handelsflagget likt nasjonalflagget. I andre land kan det vera større eller mindre forskjellar mellom dei to. Ein vanleg, mindre forskjell er at nasjonal- og handelsflagg har ulike proporsjonar.