Hans-Erik Dyvik Husby

norsk musikar og skodespelar
(Omdirigert frå Hank von Helvete)

Hans-Erik Dyvik Husby (fødd 15. juni 1972, d. 19. november 2021)[1], særleg kjend under artistnamnet Hank von Helvete, var ein norsk artist og skodespelar, kjend som vokalist i det norske bandet Turboneger.

Hans-Erik Dyvik Husby
Turboneger2.jpg
Hank von Helvete opptrer med Turboneger i Stavanger 2. mai 2005.
Foto: Espen Mills.
Fødd15. juni 1972
FødestadGravdal i Nordland i Noreg
Død19. november 2021
DødsstadOslo
FødenamnHans-Erik Dyvik Husby
AliasHank von Helvete, Herr Tugen, Hertugen, Hertis
OpphavNoreg
Aktiv1993–2021
Sjangerhardrock, pønkrock
Instrumentvokal
Tilknytte artistarTurboneger
Verka somSongar, skodespelar
Gift medGro Skaustein

BiografiEndra

Hans-Erik Dyvik Husby vart fødd i Gravdal i Vestvågøy kommune, men budde i Å i Lofoten med familien til Hans-Erik var tre. Seinare flytte dei til Fauske, Rognan, og til slutt Tvedestrand. I dag er Husby kjend for storstilte opptredenar saman med gruppa Turboneger, gjerne med mykje sminke og berr overkropp. Men han har òg ei velkjend fortid som stoffavhengig. Det var samanbrotet hans på grunn av heroinabstinensar under ein turné i Italia som gjorde at Turboneger blei oppløyst for ei tid i 1998. I juli 2010 trekte Husby trakk seg som medlem fra Turboneger. Same år spelte han hovudrolla som Cornelis Vreeswijk i filmen «Cornelis» i Sverige.

Husby vart stoffri og hadde i tillegg til musikken starta ei karriere som muskal-skodespelar (hovudrolle i Jesus Christ Superstar). Via etermedia vart han òg talsmann for moderne norsk kristendom (Mellom anna i "Bokprogrammet" - NRK 1. sept. 2009) der Husby synte at han hadde eit reflektert og grunngjeve tilhøve til vanskelege teologiske spørsmål kring synet på himmelriket og fortapinga (helvete). Husby hadde i fleire intervju omtala seg sjølv som personleg kristen.

Bror til Hans-Erik var komponisten Kaare Dyvik Husby.

ReferansarEndra

  1. «Hans-Erik Dyvik Husby er død». VG.no (norsk bokmål). 19. november 2021. Henta 19. november 2021. 

KjelderEndra

  Denne musikarartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.