Opna hovudmenyen

Hanne Harlem

norsk jurist og politikar

Hanne Harlem (fødd 20. november 1964) i Oslo er ein norsk jurist og politikar for Arbeidarpartiet.

Hanne Harlem
Fødd 20. november 1964
Oslo
Yrke politikar, jurist, forretningsdrivande

Hanne Harlem var statsråd og sjef for justisdepartementet (justisminister) i Jens Stoltenberg si første regjering 17. mars 2000-19. oktober 2001.

Utdanning og karriereEndra

Hanne Harlem er cand.jur. frå Universitetet i Oslo i 1990.

Ho var deretter i 1990 personleg rådgjevar i Barne- og familiedepartementet, tilsett som advokatfullmektig hos Regjeringsadvokaten frå 1990, byråd for barn og utdanning i Oslo i 1992-93 og dommarfullmektig i Nord-Troms heradsrett i 1993-95. Ho var så advokat hos Regjeringsadvokaten i 1995-97 og sjefsjurist hos Kredittilsynet i 1998. Frå 1998 var ho advokat og seinare assisterande direktør i Norsk Hydro til ho blei justisminister frå 17. mars 2000. Etter tida som justisminister heldt ho hausten 2001 fram i jobben som assisterande direktør i Norsk Hydro.

I 2004 blei Hanne Harlem tilsett som universitetsdirektør ved Universitetet i Oslo. Ho gjekk av som direktør ved UiO våren 2007, og begynte 11. mai 2007 som styreleiar for den nye samanslåtte helseforetaket Helse Sør-Øst RHF.

VervEndra

Hanne Harlem har sidan midten av 1980-talet hatt ei lang rekke verv, mellom anna som medlem av Oslo bystyre. I studietida var ho medlem av Det akademiske kollegium ved Universitetet i Oslo og fakultetsrådet ved Det juridiske fakultet. Ho har vore sensor ved universiteta i Oslo, Bergen og Tromsø og hatt undervisingsoppdrag i Tromsø. Harlem har vore styreleiar ved Sunnaas sykehus og nestleiar i styret for Ullevål sykehus. Ho sit som styreleiar for Hydrokraft AB og er medlem av NHO sitt hovudstyre.

1. august 2007 gjekk Harlem inn i styret til stiftinga Handelshøgskolen BI, der ho etter planen skal sitje til 31. juli 2010[1].

AnnaEndra

Hanne Harlem er dotter til tidlegare mangeårig statsråd Gudmund Harlem og ei mykje yngre søster til tidlegare statsminister Gro Harlem Brundtland. Ho er gift med advokat Sam E. Harris.

KjelderEndra

FotnotarEndra