Hanne Sørvaag

(Omdirigert frå Hanne Sørvåg)

Hanne Margrethe Fredriksen Sørvaag (fødd 27. desember 1979 i Stavanger) er ein norsk songar, komponist og tekstforfattar.

Hanne Sørvaag

Fødd27. desember 1979 (44 år)
FødestadStavanger kommune
OpphavNoreg
Aktiv2002–
Instrumentgitar
Verka somSongar, komponist og tekstforfattar

Saman med Harry Sommerdahl og Tim Baxter skreiv ho songen «My Destiny» som blei framført og gitt ut av den amerikanske idoldeltakaren Katharine McPhee og som nådde andreplass på den amerikanske Billboard-singlelista i veke 28 i 2006. Saman med dei to danske låtskrivarane Remee og Thomas Troelsen skreiv ho songen «Disappear» som gruppa No Angels vann den tyske finalen i Eurovision Song Contest 2008 med og som representerte landet i den internasjonale finalen. Sørvaag jobbar for Universal i Stockholm, og det var gjennom dette selskapet at hennar låt hamna hos den tyske jentegruppa. Ho har vidare plassert ein mengde låtar over heile verda, blant anna i Australia, England, Tyskland, Danmark og Spania m.m. Det var Hanne Sørvaag som skreiv låten «Brief and Beautiful», som Maria Arredondo hadde stor suksess med i Noreg.

I 2009 hadde Sørvaag to låtar med i Melodi Grand Prix, «Do it again» med Foxy og «Tricky» med Velvet Inc, der den siste kom til finalen. I 2010 deltok ho i Melodi Grand Prix saman med Fredrik Kempe med låta «My Heart Is Yours» framført av Didrik Solli-Tangen, saman vann dei den norske finalen og representerte Noreg i Eurovision Song Contest 2010. Songen slo ut A1, med mellom anna Mark Read, som ho òg har komponert saman med. Saman med Harry Sommerdahl og Chistian Leuzzi vart ho òg teken ut til å representere Georgia i deira nasjonale finale med songen «Shine», framført av Sopho Nizharadze. Songen vann den nasjonale uttakinga, og deltok deretter i Eurovision Song Contest 2010 i Bærum.

Våren 2009 deltok ho i Zebra Grand PrixTV 2 Zebra på lag med Mikkel Gaup, der dei kom på ein andreplass.

I 2011 song ho sjølv under delfinalen i Florø, i Melodi Grand Prix med songen «You're Like A Melody».

Hausten 2012 deltok Sørvaag i Skal vi danseTV 2.[1]

Kjelder endre

Fotnotar endre