Hans Christensen Sthen

Hans Christensen Sthen (25. november 15441610) var ein dansk prest og salmediktar.

Hans Christensen Sthen

Statsborgarskap Danmark
Fødd 5. desember 1544
Roskilde
Død

1610 (65 år)
Malmö

Yrke prest, salmediktar
Religion Den evangelisk-lutherske kyrkja
Hans Christensen Sthen på Commons

Levnetsløp endre

Hans Christensen Sthen vart fødd og voks opp i Roskilde; difor la han stundom tittelen Roschildensis til namnet sitt. Han vart rektor i Helsingør berre 22 år gammal, og året etter vart han kapellan ved St.Olai-kyrkja i byen. I 1580 tok han magistergraden ved Universitetet i København. I 1583 tok han imot kallet som sokneprest ved St. Peterskyrkja i Malmö, og vart då samstundes prost i Oxie herad. Her arbeidde han til han søkte avskil i 1607. Før den tida vart han fleire gonger omstridd, ved eitt høve forsøkte bystyret å få han avsett.

Stehn vart etter kvart ein svært velståande mann. Han åtte fleire bygårdar i Malmö og hadde ei kostbar boksamling. I familielivet hadde han ikkje berre lykke. Sthen var gift tre gonger. I første ekteskap hadde han 16 barn, av desse døydde 8 i pest i 1580. Han vart enkemann i 1602, men snart oppattgift, og han fekk 5 barn med si andre kone. Då ho døydde og han gifta seg for tredje gong, vart det arvestrid med barna frå det første ekteskapet, som meinte dei hadde fått for lite av morsarva og nå frykta farsarva ville bli forminska. I denne striden døydde Sthen i Malmö 1610.

Forfattarskap endre

Som forfattar av oppbyggjelege skrift hadde Sthen ein stor produksjon. Dei viktigaste skrifta var En liden nyttig haandbog (1578) med bøner og andaktar for daglege høve og 10 salmar, og En liden vandrebog frå 1589, ei bønebok forma i verseform.

Han har skrive mange salmar, mange av dei vart tekne inn i Kingos salmebok, og somme av dei er i bruk eno i dag, òg i Den norske kyrkja. Norsk salmebok har seks salmar opphavleg dikta av H.C. Sthen:

  • «Herre Jesus Krist, eg veit for visst» (omsett av Blix 1870/1891)
  • «Til kven sal eg gå med mi sorg og min sut» (omsett av Bjarne Norheim 1964)
  • «Eit trufast hjarta, Herre min» (omsett av Kristofer Juvkam Ørjavik 1975)
  • «Syng ein song or hjartans grunn» (omsett av Kristofer Juvkam Ørjavik 1975)
  • «Den mørke natta liden er» (omsett av Bjarne Norheim 1975)
  • «Den ljose dagen liden er» (omsett av Bernt Støylen 1905)

Dessutan har salmeboka teke inn minst to av dei attdikta salmane hans; «Min største hjertens glede» (oms. av M.B. Landstad 1869) og «Eg veit i himmerik ei borg» oms. 1905 av B. Støylen.

Kjelder endre

  • Norsk salmebok 1985
  • Anders Malling i Kristen sang og musikk Runa forlag 1962

Bakgrunnsstoff endre