Hans Ernst Kinck (11. oktober 186513. oktober 1926) var ein norsk forfattar, dramatikar og filolog. Han skreiv romanar, drama og essay, men er mest kjend for novellene sine. Den vitskaplege avhandlinga om sagakultur og balladekultur frå 1890 kastar ljos over sider av forfattarskapen. Ho vart trykt postumt i det litterære tidsskriftet Edda i 1932.

Hans E. Kinck

Statsborgarskap Noreg
Fødd 11. oktober 1865
Øksfjord
Død

13. oktober 1926 (61 år)
Oslo

Yrke lingvist, skribent, skodespelforfattar, lyrikar, filolog
Språk norsk
Far Theodor Kinck
Ektefelle Minda Ramm
Hans E. Kinck på Commons
Kinck, måla av Harald Brun i 1908.

Biografi endre

Kinck var fødd i Øksfjord i Finnmark, der faren var distriktslege, og voks opp i Setesdal og Hardanger. Han gifte seg med Minda Ramm som og var forfattar. Dei fekk døtrene Jeanette og Eli. Han budde i lange periodar i Italia, og hadde store kunnskapar om italiensk historie, kulturhistorie og politisk historie. Hans E. Kinck døydde i Oslo.

Dikting endre

Hans E. Kinck er rekna som Nordens største novellist. Den novella som dei fleste kjenner, er «Hvidsymre i utslåtten» frå Flaggermusvinger 1895. Typisk for samlinga er ein fortetta, syngjande poetisk prosa som var noko heilt nytt i norsk dikting. Det skifter mellom det ville og det milde, mellom tragedie og skir lyrikk.

Den siste novellesamlinga hans, Foraaret i Mikropolis, kom ut posthumt i 1926. Den inneheld mellom anna den store kulturhistoriske og folkepsykologiske novella Mot ballade med emne frå høgmiddelalderen i Noreg. Mot ballade er eit meisterverk i sitt slag.

Kinck skreiv mykje om dei innestengde kreftene i menneska. Fleire av personane i bøkene hans lid ofte av tung einsemd og innestengd lengt etter fellesskap med andre. Han har mykje humor, ja beint fram ellevill komikk, men ofte sit låtten fast i halsen på den som les. Diktaren ler med det eine auget og græt med det andre.

Kinck hentar stoffet sitt frå mange ulike miljø, ikkje berre frå bygde- og bymiljø i Noreg, men t.d. og frå Italia i samtid og fortid.

Kinck og ettertida endre

Jamvel om Hans E. Kinck var ein av dei største diktarane i Noreg, både med omsyn til kvalitet og kvantitet, har han lenge vore ein diktar for dei få. Han er obligatorisk pensum i litteratur på universitet og høgskular.

Fleire kunstnarar har laga illustrasjonar til Kincks ditkting, t.d. Nikolai Astrup og Torbjørn Egner og Olav Bjørgum.

Kinck har og inspirert komponistar som Ludvig Irgens Jensen og Eivind Groven.

Bilethoggaren Gunnar Janson har laga det kraftfulle Kinckhovudet som er reist i bronse utanfor Deichmanske bibliotek i Oslo. Ein kopi er i seinare år reist i Strandebarm sentrum i Hardanger.

Kinck-kjennaren, skodespelaren og instruktøren Torleif Kippersund har lese inn ei lydbok (to CD-ar) som inneheld ei rekkje Kinck-noveller. Dei musikalske illustrasjonane er ved Wolfgang Plagge og Øyonn Groven Myhren (song).Jfr. http://www.korinor.no/varer.php?vgrid=179 Arkivert 2007-09-29 ved Wayback Machine.

Institusjonsteater i Oslo og Bergen har framført skodespela «Agilulf den vise», «Den sidste Gjæst» og «Driftekaren» i nedkorta versjonar. I det sistnemnde spela Alfred Maurstad hovudrolla.

Suttungteateret på Tangen ved Mjøsa har framført mest alle Kincks drama uforkorta; for det mest som heildagsførestellingar. NRK TV har opptak av «Den sidste Gjæst». «Driftekaren» er framført to gonger i to ulike oppsetjingar med års mellomrom. Båe gonger med Torleif Kippersund i hovudrolla. Han hadde og hovudrolla i «Den sidste Gjæst». Framsyningane har vekt åtgaum, og vart melde også i aviser i hovudstaden.

Tre av novellene hans er filmatisert under samletittelen Flaggermusvinger (1992). Novella «Den nye kapellanen» gav namn til musikkgruppa Dei nye kapellanane.

I seinare år er heile forfattarskapen utkomen samla på Aschehoug forlag, ordna etter sjanger (noveller, romanar, drama, essay) med innleiingar av professor i litteratur ved Universitetet i Oslo Edvard Beyer. Han er den som, samla sett, har skrive mest og best om Kinck.

Kvar sommar er det Kinck-dagar i Strandebarm knytt til heimen hans der han voks opp frå han var 11 år gamal. Han hadde ei hytte på Austlandet. Den står no på Maihaugen på Lillehammer.

Utgjevingar endre

  • Huldren, roman, 1892
  • Ungt folk, roman, 1893
  • Flaggermus-vinger, noveller, 1895
  • Sus, roman, 1896
  • Fra hav til hei, noveller, 1897
  • Hugormen, roman, 1898
  • Mellom togene, drama, 1898
  • Trækfugle og andre, noveller, 1899
  • Fru Anny Porse, roman, 1900
  • Vaarnætter, noveller, 1901
  • Doktor Gabriel Jahr, roman, 1902
  • Naar Kærlighed dør, noveller, 1903
  • Italienere, sakprosa, 1904.
  • Emigranter, roman, 1905.
  • Livsaanderne, noveller, 1906.
  • Agilulf den vise, drama, 1906.
  • Driftekaren, drama, 1908
  • Masker og mennesker, noveller, 1909.
  • Den sidste gjest, drama, 1910
  • Bryllupet i Genua, drama, 1911
  • En penneknegt, essays, 1911
  • Paa Ekre'nes gaard, drama, 1913
  • Mot karneval, drama, 1915
  • Renæssanse-mennesker, sakprosa, 1916
  • Kirken brænder, noveller, 1917
  • Sneskavlen brast I-III, roman, 1918-19
  • Guldalder, noveller, 1920
  • Rormanden overbord, sakprosa, 1920
  • Lisbettas brødre, drama, 1921
  • Mange slags kunst, sakprosa, 1921
  • Fra Fonneland til Svabergsveen, noveller, 1922
  • Paa Rindalslægret, drama, 1925
  • Italien og vi, sakprosa, 1925
  • Foraaret i Mikropolis, noveller, 1926
  • Mands hjerte, lyrikk, 1927
  • Torvet i Cirta, noveller, 1929
  • Sagaenes ånd og skikkelser, sakprosa, 1951

Bakgrunnsstoff endre

  • Beyer, Edvard 1956: Livsangst og livstro "Fra Huldren til Driftekaren" Eros og det nasjonale
  • Edvard Beyer 1965: Livsangst og livstro Fra Den sidste gjest til Mot ballade Den ene og de mange
      Denne litteraturartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.