Hans Edvard Kjølseth

norsk politikar

Hans Edvard Olsson Kjølseth (28. september 187013. januar 1966) var ein norsk skulemann og borgarmeister (rådmann) frå Tresfjord i Romsdal som representerte kjøpstadene i Telemark og Aust-AgderStortinget i perioden 1925-27, vald for partiet Venstre.

Hans Edvard Kjølseth
Statsborgarskap Noreg
Fødd 28. september 1870
Vestnes kommune
Død

13. januar 1966 (95 år)

Yrke politikar
Språk norsk
Politisk parti Venstre

Kjølseth var son til ein gardbrukar og bygningsmann på garden Øvstedal i dåverande Sylte herad. Frå 1887 til 1889 var han bygningsmann, deretter gjekk han eitt år i smedlære, før han 1890-93 arbeidde på Trondhjems mekaniske Værksted. Skuleåret 1893/94 gjekk han den tekniske skulen i Horten, før han i 1894-95 var han teiknar ved Kongsberg Våpenfabrikk. Frå 1895 til 1918 var Kjølseth tilsett ved Skiensfjordens mekaniske fagskole i Porsgrunn. Her var han lærar 1895-97, inspektør 1898-1901, overlærar 1901-08 og direktør 1908-18. Før han vart inspektør, studerte han ved Elektrotechnicum Komotau (dagens Chomutov) i Böhmen. Frå 1920 til 1941 var han borgarmeister i Porsgrunn, oppsagd av okkupasjonsmakta.

Kjølseth var med i styringa av Skiensfjordens kommunale kraftselskap i nærare tretti år. Han var nestformann 1911-28 og formann 1928-1940. Ei tid var han også medlem av formannskapet i Porsgrunn.

Hausten 1924 vart Kjølseth vald inn på Stortinget frå dei åtte kjøpstadene i fylka Telemark og Aust-Agder. På Tinget var han sekretær i Militærkomiteen. Han var også medlem i Riksretten 1926/27 mot Berge-regjeringa. Utanom stortingsarbeidet var han formann i Gymnastikk-komiteen av 1929, og han var medlem i Komiteen om distriktsbefalet av 1938.

Kjølseth skreiv fleire læreverk, mellom anna i elementær mekanikk og i elektrisitetslære. I 1909 kom han ut med ei bok i høve Skiensfjordens mekaniske fagskole sitt 25-årsjubileum, og i 1937 ei anna då det lokale kraftselskapet markerte femti års drift.

Kjelder endre