Hans Hanssen Grimelund

Hans Hanssen Grimelund (14. mai 175811. juni 1844) var ein norsk gardbrukar og stortingsmann frå Kråkstad i Akershus. Han var far til Hans Grimelund og Andreas Grimelund.

Hans Hanssen Grimelund
Fødd 14. mai 1758
Kråkstad
Død

11. juni 1844

Yrke bonde, politikar

Grimelund var son av ein gardbrukar i Kråkstad. Frå 1779 var han gardbrukar i Kråkstad, men kjøpte i 1781 garden Grimelund i Vestre Aker og busette seg der. Seinare kjøpte han garden Nordberg i same soknet og budde der.

Grimelund var valmann ved fleire valting, mellom anna i 1814 då det vart vald utsendingar til riksforsamlingaEidsvoll. Han var 2. representant frå Akershus amtStortinget 1815-16. Der var han medlem av tre komitear, mellom dei komiteen for land-, skog og bergvesen. Frå 1824 var han forlikskommissær, og frå 1837 medlem av heradsstyret.

Han døydde på Nordberg i Vestre Aker i 1844.

KjelderEndra