Hans Wølner Kofoed (27. desember 17798. juni 1849) var ein norsk embetsmann og stortingsmann.

Hans Kofoed
Statsborgarskap Noreg
Fødd 27. desember 1779
Død

8. juni 1849 (69 år)

Yrke politikar
Språk norsk

Kofoed var fødd i Skien, der faren var apotekar. Sjølv tok han norsk juridisk eksamen i 1800. År 1806 vart han fungerande sysselmann og heradsdommar i Gullbringe og Kjosa syslar på Island. I 1813 kom han tilbake til Noreg og vart då overbergamtsskrivar på Kongsberg, året etter vart han i tillegg byfut, byskrivar og skifteforvaltar. Frå 1837 var han sorenskrivar i Numedal og Sandsvær.

I 1821 representerte Kofoed Kongsberg på Stortinget. Grunna sjukdom møtte han ikkje på det overordentlege storting 1822.

Kofoed døydde på Kongsberg i 1849.

Kjelder endre

  • Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914