Hans Majestet Kongens Garde

Hans Majestet Kongens Garde (HMKG) er livgarden til kongen i Noreg. Garden står vakt ved dei kongelege residensane (Slottet, Skaugum gård, Bygdøy Kongsgård) og Akershus festning, og i tillegg held dei vakt for Huseby leir, der dei har standkvarter. Utanom kvarteret i Huseby-leiren (som ligg på Hovseter i Oslo), har dei òg eit rekruttkompani som held til på Terningmoen leir i Elverum.

Hans Majestet Kongens Garde
Land Noreg
Aktiv1856–no
Grein Hæren
TypeBataljon
Rolle
  • infanteri
  • vakt og sikring
Storleik1000 soldatar
Del avHærstaben
Forsvarets operative hovedkvarter
Garnison/HKHuseby leir
Motto«Alt for Kongen»
KallenamnGarden
Paradehatt Korkade

Organisasjon

endre

HMKG er den norske Hærens største bataljon med over 1000 soldatar. Bataljonen er organisert som ein infanteribataljon med sju kompani (fargane nedanfor er symboliserer kompanistripa):

Bataljonstab Bataljonstaben består av bataljonssjef (gardesjef), som no er oberstløytnant en består av bataljonssjef (gardesjef), som nå er oberstløytnant Ole Anders Øie, NK Garde, og deira næraste stab, som er organisert likt som andre norske bataljonar.
KP1 Gevær-/vaktkompani. Består av kompanistab, to geværtroppar, ein eskortetropp og ein jegertropp (likt som Kp. 2 og 4).
KP2 Gevær-/vaktkompani. Består av kompanistab, to geværtroppar, ein eskortetropp og ein jegertropp (likt som Kp. 1 og 4).
KP3 HMKGs musikk- signal- og drillkompani. Denne avdelinga låg før som ein del av kp. 5, men vart frå sumaren 2003 omdøypt til 3. Gardekompani og tok i bruk den blå kompanistripa. Kompaniet består av Musikk, Signal- og Drilltroppen, samt kompanistab. Musikk og signal har direkteinnrykk til tenesta, medan Drilltroppen vert plukka ut blant søkjarar på Gardens rekruttskule på Terningmoen. .
KP4 Gevær-/vaktkompani. Består av kompanistab, to geværtroppar, ein eskortetropp og ein jegertropp (likt som Kp. 1 og 2).
KP5 Stab- og støttekompani. Består av kompanistab, logistikktropp, vedlikehaldstropp, sanitetstropp og kommandoplasstropp. Kompaniet sørgjer for at driften av heile bataljonen går sin gong på garnison og i felt. Kompaniet vart av den gamle kompanisjefen omtalt som «Kongens yndlingskompani».
KP6 Gardens rekruttavdeling, Gardeskulen er lokalisert på Terningmoen (Elverum). Alle som blir kalla inn i HMKG, med unntak av Musikktroppen i 3. Gardekompani, vert sende hit på rekruttskule i ca 3 månader, før dei vert stasjonerte på Huseby leir. Musikktroppen gjennomførar derimot rekruttperioden på Huseby Leir.
KP7 Gardens GBU-avdeling (befalsskule). Frå august 2009 er befalsutdanninga ved HMKG trekt ut som eit eige kompani. Elevane her er eitt år i utdanning og eit pliktår i eit av dei andre nemnte kompania.