Hans Michelsen
Hans Michelsen (1789–20. juni 1859) var ein norsk skulptør frå Leinstrand i Sør-Trøndelag.
Hans Michelsen | |
Matthias Stoltenberg: Portrett av Hans Michelsen | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 1789 Leinstrand kommune |
Død |
20. juni 1859 (69 år) |
Yrke | bilethoggar, medaljør |
Hans Michelsen på Commons |
Michelsen var son til ein gardbrukar. Etter å ha arbeidd i Trondheim, var han frå 1815 elev av Eric Gustav Göthe i Stockholm. I perioden 1816–19 fekk han som fyrste nordmann statsstipend medan han gjekk på Kungliga Akademien för de fria konsterna. I studietida fekk han fleire prisar og vann i i 1820 akademiet sitt skulpturstipend.
Michelsen reiste då til Roma, der han vidareutdanna seg hos Bertel Thorvaldsen i seks år. Han arbeidde 1828–42 i Stockholm, der han mellom anna modellerte Kristus og dei tolv apostlane på bestilling frå kong Karl Johan. Apostelgruppa vart laga i gips og i 1840 stilt opp i oktogonen i Nidarosdomen. Dette «største skulpturarbeid i Norge på 1800-talle» gjekk tapt under brannen i Erkebispegarden i 1983. Michelsen forma også monumentet over Herman Wedel-Jarlsberg på Bygdøy i Oslo i 1841. Åra 1842-44 budde Michelsen i Trondheim, sidan i den norske hovudstaden til han døydde.
Kjelder
endre- Norsk Allkunnebok. VIII. bandet. 1958
- Norsk biografisk leksikon