Hans W. Brimi
Hans W. Brimi (1917–1998) var ein spelemann frå Lom kommune i Gudbrandsdalen, og den førande på spel i den øvre delen av dalen på 1900-talet.
Hans W. Brimi | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 22. desember 1917 Garmo |
Død | |
Yrke | musikar |
Hans kom frå Garmo, og dreiv gard i Vårdalen i mange år. Han vart tidleg inspirert av Hallvard Ørsal frå Todalen, som han såg opp til heile livet.
Hans Brimi vann Landskappleiken i klasse for vanleg fele 13 gonger. Han reiste mykje på konsertar, både i Noreg og utanlands. Han fekk og spelt i uvanleg mange plater.
Hans Brimi var og ein dugande slåttekomponist, og gjorde mykje arbeid for spelet i Gudbrandsdalen.