Hans Zimmer
Hans Florian Zimmer (fødd 12. september 1957) er ein tyskfødd filmmusikkomponist busett i Los Angeles, California.
Hans Zimmer | |
![]() | |
Statsborgarskap | Tyskland, USA |
Fødd | 12. september 1957 (66 år) Frankfurt am Main |
Yrke | komponist, gitarist, pianist, musikkprodusent, filmmusikkomponist |
Språk | engelsk |
Medlem av | Helden |
Ektefelle | Vicki Carolin, Suzanne Zimmer |
Nettstad | https://www.hanszimmerlive.com/ |
Hans Zimmer på Commons |
Zimmer vart fødd i Frankfurt, og flytte til London som tenåring. Han starta den musikalske karrieren sin ved å spela keyboard og synthesizer for banda Ultravox og The Buggles (kjend for songen Video Killed the Radio Star) med fleire. I London møtte han filmmusikkomponisten Stanley Myers, og dei to starta eit samarbeid i lag innan filmmusikk.
Zimmer laga sin fyrste filmmusikkk på eiga hand med filmen Terminal Exposure frå 1987. Han var produsent for filmmusikken til Den siste keiseren frå same året, som vann Oscar for beste filmmusikk.
Gjennombrotet til Zimmer kom likevel med filmen Rain Man frå 1988. Zimmer komponerte musikken åleine, og filmen vart nominert til ein Oscar for beste filmmusikk. Etter dette har Zimmer komponert musikken til ei rekkje Hollywood-filmar og vunne både Oscar-prisar, Grammy-prisar, Satellite Awards og fleire andre utmerkingar for arbeidet sitt. Nokre av dei mest kjende er filmmusikken til Gladiatoren (i samarbeid med Lisa Gerrard), Prinsen av Egypt, Rødt hav, Jakten på Rød Oktober, Løvenes konge og The Rock.
Filmmusikk av Hans Zimmer (utval) endre
1987 endre
- Terminal Exposure (with Stanley Myers)
- Going for Gold (fjernsyn) - Kjenningsmelodi
1988 endre
- Rain Man (Oscar Nomination)
1989 endre
1990 endre
1991 endre
1992 endre
1993 endre
1994 endre
1995 endre
1996 endre
1997 endre
1998 endre
- Den tynne røde linjen (Oscar Nomination)
- Prinsen av Egypt (Golden Globe & Oscar Nomination)
1999 endre
- Chill Factor (med John Powell)
2000 endre
2001 endre
2002 endre
2003 endre
- Den siste Samurai (
- Pirates of the Caribbean: The Curse of the Black Pearl (med Klaus Badelt m.fl.)
- Solens tårer
- Johnny English (kjenningsmelodi skriven med Robbie Williams)
2004 endre
2005 endre
- Madagaskar (med Heitor Pereira og James Dooley)
- Batman Begins (med James Newton Howard)
2006 endre
- Pirates of the Caribbean: Dead Man's Chest
- Da Vinci-koden (Golden Globe Nomination)
- The Holiday
2007 endre
- Pirates of the Caribbean: At World's End
- The Simpsons Movie
2008 endre
- The Dark Knight (med James Newton Howard) (Grammy Winner)
- Kung Fu Panda (med John Powell)
- Madagaskar 2
2009 endre
- Engler og demoner
- Sherlock holmes (Oscar Nomination)
2010
2011 endre
- Pirates of the Caribbean: On Stranger Tides
- Kung Fu Panda 2
- Sherlock Holmes 2
2012 endre
Kjelder endre
- Engelsk Wikipedia om Hans Zimmer, henta inn 17. desember 2010.