Koordinatar: 62°50′2.9364″N 7°4′48.007″E

Harøyfjorden er ein fjord ytst i Romsdal i kommunane Haram (på Sunnmøre), Midsund, Sandøy, Aukra og Fræna. Fjorden ligg mellom øyane Haramsøya, Flemsøya, Fjørtoft, Harøya, som fjorden er kalla opp etter, og Sandøy i nordvest og vest, og Dryna, Midøya, Otterøya og Gossa i søraust og aust.

Harøyfjorden med Harøya, frå fastlandet i sør.
Foto: Øystein H. Brekke

Fjorden har ei lengd på om lag 43 km frå sørvest til nordaust forbi Gossa og til Bud . Mellom øyane i vest går fleire fjordar inn til Harøyfjorden, som Fjørtoftfjorden, Nogvafjorden og Longvafjorden. I aust går Frænfjorden austover frå austsida av Gossa, Grunnefjorden går austover på mellom Gossa og Otterøya, medan Midtfjorden, den ytste delen av Romsdalsfjorden går austover på sørsida av Dryna

To ferjesamband kryssar fjorden. Det eine går mellom Fjørtoft, Flemsøya, Dryna og Brattvåg, medan det andre går mellom Finnøya, Orta, Gossa, Ona og Sandøy.