Har Arif (hebraisk הר חריף) er eit fjell med ei høgd på 1 012 meters i Negevørkenen sør i Israel.

Har Arif
fjell
Land  Israel
Distrikt Sør
Topp Negev
 - høgd 1 012 moh.
 - koordinatar 30°29′44″N 34°33′33″E / 30.49556°N 34.55917°E / 30.49556; 34.55917
Kart
Har Arif
30°29′44″N 34°33′33″E / 30.49555556°N 34.55916667°E / 30.49555556; 34.55916667

Fjellet ligg sentralt i Negevørkenen, kring 85 kilometer sørvest for byen Beersheba, 112 kilometer nordvest for byen Eilat, ved grensa til Egypt. Fjellet er det nest høgaste i Negevørkenen etter Har Ramon. Ein militærbase for Det israelske forsvaret ligg på fjellet på grunn av den strategiske plasseringa ved grensa til Egypt.[1]

Restane av ein førhistorisk busetnad er oppdaga pås taden.[2] Ei gruppe på 17 cisterner ligg kring 5 km aust for fjellet, som truleg vart bygd kring regjeringstida til kong Salomo, og var i bruk fram til det babylonske fangenskapet. Somme av vasscisternene vert framleis fylte med vatn om vinteren.

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre

  1. [1]
  2. arkivkopi, arkivert frå originalen 8. april 2008, henta 4. oktober 2014