Harald Berg

norsk fotballspelar

Harald Johan Berg (fødd 9. november 1941) er ein norsk tidlegare fotballspelar frå Bodø. Angreps- og seinare midtbanespelar Berg spelte for Bodø/Glimt, Lyn og nederlandske ADO Den Haag. Han vart noregsmeister med Lyn i 1967 og 1968 og med Bodø/Glimt i 1975,samt seriemeister med Lyn i 1968. Perioden 1964-74 spelte han 43 landskampar.

Harald Berg


Statsborgarskap Noreg
Fødd 9. november 1941 (82 år)
Bodø
Idrett fotball
Utmerkingar

Nordland fylkes kulturpris

Klubbspel endre

Berg, med kallenamnet Dutte, debuterte for Bodø/Glimt i 1958 som midtspiss. Han var sentral då Glimt vart nord-norske meistrar i 1963 og i 1964.

Frå 1965-sesongen spelte Berg i osloklubben Lyn der han meir enn nokon annan bidrog til at Lyn fekk ein glanstid. I 1967 vann klubben cupfinalen og året etter sikra Lyn seg like så godt både seriegullet og cupgullet. Seinhaustes 1969 var Berg med på å føre Lyn til kvartfinalane i Europacupen, der det vart tap mot FC Barcelona 2-3 og 2-2. Begge kampane vart spelt i Barcelona då norske fotballbaner ved den tid var nedfrosne.

Sommaren 1970 fekk Berg kontrakt med ADO Den Haag i Nederland. Her spelte han 11. mai 1972 den nasjonale cupfinalen, ein kamp storlaget Ajax Amsterdam, med målskårarane Johan Cruijff, Gerrie Mühren og Piet Keizer i lagoppstillinga, vann 3-2.

Berg gjorde comeback for moderklubben Bodø/Glimt i 1974. Allereie i Nederland hadde han vorte plassert i offensiv midtbanerolle. Hans framifrå evner som playmaker gjorde at Glimt dei neste sesongane vart ein toppklubb i norsk fotball. Berg la opp då han runda 40 år, hausten 1981.

Landslagsspel endre

Berg debuterte på det norske landslaget 1. juli 1964 då Sveits vart slått 3-2 i Bergen. Gjennom 1960-talet var han jamt ein målfarleg indreløpar, etterkvart fekk han ein sentral midtbaneposisjon. Han skåra det andre målet då Noreg sensasjonelt vann 3-0 over Jugoslavia i ein VM-kvalifiseringskamp på Ullevaal stadion 16. juni 1965. På 1970-talet fekk Berg færre sjansar på landslaget, men opptredde i landslagsdrakta så seint som i 1974. Han spelte i alt 43 landskampar og skåra 12 mål.

Ymse endre

Berg vart tildelt Nordland fylkes kulturpris i 1978.

Han er far til fotballspelarane Ørjan og Runar og Arild Berg.

Kjelder endre