Opna hovudmenyen

Harald Sæverud

norsk komponist

Harald Sigurd Johan Sæverud (17. april 189727. mars 1992) var ein norsk komponist. Han er særleg kjend for å ha laga musikk til Peer Gynt frå 1947, Rondo Amoroso og Kjempeviseslåtten, som blei skriven under den andre verdskrigen i sinne mot okkupasjonsmakta. Med ni symfoniar er Sæverud òg ein av dei fremste skandinaviske symfonikarane i det tjuande hundreåret.

Harald Sæverud
Noorse componist Harald Saevend, Bestanddeelnr 903-7139 (2).jpg
Fødd17. april 1897
FødestadBergen
Død27. mars 1992
DødsstadBergen
OpphavNoreg
Sjangersymfoni
Instrumentpiano
Verka somkomponist, akademisk musiker, pianist
BornKetil Hvoslef, Tormod Sæverud, Sveinung Sæverud
PrisarNorsk kulturråds ærespris, Juryens hederspris i Spellemannprisen, Den Kongelege Norske St. Olavs Ordenen
Harald Sæverud (1967)

Oppvekst og utdanningEndra

Sæverud blei fødd på Nordnes i Bergen, og budde mange år i Rådal i tidlegare Fana kommune, der eigedommen hans Siljustøl i dag er museum. I 1915 byrja Sæverud ved musikkakademiet i Bergen der han studerte piano. Han fekk òg undervising i musikkteori av Borghild Holmsen, ein anerkjend pianist og komponist med grad frå musikkonservatoriet i Leipzig. Etter fullført kurs i Bergen studerte Sæverud vidare i Berlin (19201921) og Paris (1925).

Musikken hansEndra

Sæveruds musikk kan delast i to klare hovudkategoriar; pianostykke og orkesterverk. I tillegg til dei ny symfoniane hans inneheld orkesterproduksjonen fleire obo-, fiolin-, piano- og fagottkonsertar, og ein del éinsatsverk.

Sæverud sin musikk til Ibsens Peer Gynt blei ein «antiromantisk» motsetnad til Grieg sine tonemåleri til stykket. Vidare enn dette er det ikkje lett å kategorisera musikken til Sæverud. Han blir ofte rekna som ein atonalist, men mykje av musikken hans er tydeleg tonal. Nokre karakteriserer han som ein komponist av «barbarisk» musikk, men fleire av verka hans speler på lyriske romantiske stemningar. Bruken av dissonanser er kanskje det folk flest kjenner att som det «sæverudske», men dette finst slett ikkje i all musikken hans.

Sjølv oppgav Sæverud ofte Wolfgang Amadeus Mozart og Joseph Haydn som dei viktigaste inspirasjonskjeldene sine.

Prisar og utmerkingarEndra

I 1957 vart Sæverud utnemnt til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden, i 1977 vart han forfremja til kommandør. I 1979 vart Sæverud tildelt Norsk kulturråds ærespris, i 1986 fekk han Lindemanprisen og han vart tildelt juryens heiderspris under utdelinga av Spellemannprisen 1988.

Harald Sæverud døydde i Bergen, 94 år gammal.

BakgrunnsstoffEndra