Harald T. Nesvik

norsk politikar

Harald Tom Nesvik (fødd 4. mai 1966 i Ålesund) er ein norsk politikar frå Framstegspartiet. Han har sete på Stortinget for Møre og Romsdal sidan 1997. Den 13. august 2018 vart han utnemnd til fiskeriminister i regjeringa Solberg.[1]

Harald T. Nesvik

Fødd4. mai 1966 (57 år)
Ålesund kommune
Statsborgar avNoreg
PartiFramstegspartiet
Yrkepolitikar, fotballspelar
InstitusjonarSølvtrans
VervNorsk fiskeriminister 13. august 2018
FøregangarPer Sandberg
VervParlamentarisk leiar for Framstegspartiet 17. oktober 2013-2. oktober 2017
FøregangarSiv Jensen
VervStortingsrepresentant for Møre og Romsdal 1. oktober 1997-30. september 2017
Alle verv

Bakgrunn endre

Frå Ålesund VGS har han grunnkurs frå kontorlinja 1982–1983, VKI frå rekneskapslinja 1983–1984, og VKII frå EDB-linja 1984–1985. Nesvik har teke eksportmarknadsføring for fiskeri ved Møre og Romsdals fiskeritekniske høgskole 1991–1993.

Nesvik har arbeidd som instruktør ved Parken helsestudio 1988–1990, dørvakt i Activ vaktselskap 1988–1995, og som seljar ved Moa Elektromarked frå 1995 (permisjon frå 1997).

Politikk endre

Nesvik vart utnemnd til fylkesmann i Møre og Romsdal med tiltreding i 2019, men valde å seia frå seg embetet. Han gjekk heller til ei stilling som sjef for informasjon og samfunnskontakt i brønnbåtreiarlaget Sølvtrans i Ålesund. Denne stillinga sa han opp då han fekk spørsmål om å verta fiskeriminister.[2]

Stortingskomitear endre

Kjelder endre

Referansar endre

  1. Kalajdzic, Pedja. «Per Sandberg går av som statsråd og Frp-nestleder». NRK (på norsk bokmål). Henta 13. august 2018. 
  2. Stig Vågnes (13. august 2018). «– Sa opp jobben i rederiet Sølvtrans». Sunnmørsposten. 

Bakgrunnsstoff endre