Harald U. Lied

norsk politikar

Harald Ulfert Lied (29. april 192721. desember 2002) var ein gardbrukar og politikar, fødd i Sarpsborg i Østfold, oppvoksen i Gjøvik. I tida frå 1973 til 1989 representerte han Oppland og partiet HøgreStortinget.

Harald U. Lied
Fødd29. april 1927
Død21. desember 2002
Statsborgar avNoreg
PartiHøgre
Yrkepolitikar

Lied gjekk Gjøvik gymnas åra 1942-45. Dei to neste åra gjekk han på landbruksskule, fyrst Vinterlandbruksskolen og så Hvam landbruksskole. Etter han tok eksamen ved skogskulen på Brandbu i 1951, arbeidde han i fem år som skogassistent, tre av åra ved Svenska Cellulosa AB i Sollefteå. Frå 1956 til -58 styrte han skogsdrifta på garden til faren. Deretter var han sjølv gardbrukar på garden Berg i Gjøvik kommune fram til 1990. Han var medlem av bystyret i Gjøvik frå 1968 til 1973.

Hausten 1973 lukkast Lied og Høgre å vinne den sjuande og siste Opplands-plassen på Stortinget, sidan vart han attvald tre gongar. Dei tok fyrste fireårsperiodane var han medlem i Landbrukskomitéen, dei to siste av Utanriks- og konstitusjonskomitéen, perioden 1981-85 sat han som sekretær i denne. I tillegg var han medlem av Valkomiteen 1973-85, samt visesekretær i Stortinget i fire sesjonar; 1975-79.

Lied var medlem av sentralstyret i Høgre i tre periodar; 1968-74, 1976-78 og 1981-87. Elles var han aktiv i Europabevegelsen i ei rekke år.

KjelderEndra