Harashim

busetnad i Israel

Harashim (hebraisk חֲרָשִׁים, tyder «Handverkarar») er ein fellesbusetnad i det nordlege distriktet i Israel. Han ligg i Galilea, nord for Karmiel, og høyrer til Misgav regionale kommune. I 2006 hadde han eit folketal på 196. Harashim er den våtaste folkesette staden i Israel.[1]

Harashim
fellesbusetnad
Land  Israel
Region Galilea
Distrikt Nord distrikt
Kommune Misgav
Koordinatar 32°57′23.04″N 35°19′41.52″E / 32.9564000°N 35.3282000°E / 32.9564000; 35.3282000
Folketal 290 (2015)
Grunnlagd 1980
Kart
Harashim
32°57′23″N 35°19′42″E / 32.9564°N 35.3282°E / 32.9564; 35.3282
Kart som viser Harashim.
Kart som viser Harashim.
Kart som viser Harashim.
Wikimedia Commons: Harashim

Historie

endre

Landsbyen vart grunnlagd i 1980 og fekk namn frå ein gammal jødisk busetjing i området og fordi somme av innbyggjarane arbeidde som smedar.

Klima

endre

Harashim har eit varmt middelhavsklima (Köppen si klimaklassifisering: Csa) med varme, tørre somrar, og kjølige, regnfulle vintrar. Nesten alt regnet kjem mellom oktober og mai og sommaren er vanlegvis heilt utan regn. Nedbøren kan av og til koma som snø om vinteren. Harashim er med ein årleg nedbør på 986 mm den våtaste folkesette staden i Israel.[1]

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 David Ratner (6. januar 2005). «The Wettest Place in Israel» (på engelsk). Haaretz. Henta 6. mai 2021. 
  2. «Temperature average» (på hebraisk). Israel Meteorological Service. Henta 11 December 2011. 
  3. «Precipitation average» (på hebraisk). Israel Meteorological Service. Henta 12 July 2011.