Hardanger Fartøyvernsenter

Hardanger Fartøyvernsenter er ei stifting skipa i 1984 som utførar tenester innan fartøyvern, nybygging og restaurering av klinkbygde småbåtar, attføring av vanskelegstilt ungdom, lærlingetilbod, museumsverksemd, leirskule og reiseliv. Senteret, som ligg i Norheimsund, er eitt av tre nasjonale fartøyvernsenter utpeikt av Riksantikvaren, og godkjent av staten som offentleg barnevernsinstitusjon. Stiftinga eig og driv hardangerjakta Mathilde, motoryachten Faun og kutter Vikingen.

Hardanger Fartøyvernssenter

Hardanger Fartøyvernsenter har 42 årsverk fordelt på nesten 60 personar. Omsetjinga i 2007 var på om lag 27 millionar kroner. 14 000 personar besøkte HFS og Hardangerjakta Mathilde i 2007.

Senteret er tildelt Olavsrosa. Det er del av Hardanger og Voss museum.

BakgrunnsstoffEndra