Hardanger musikkfest

Hardanger Musikkfest er ein kammermusikkfestival som vert halden kvar pinse i Indre Hardanger.

Historikk endre

Musikkfesten vart starta opp i 1996, då konsertmeister Stig Nilsson tok med seg sine musikarvener frå Oslo Filharmoniske Orkester og hadde konsertar på Hotel UllensvangLofthus. Konsertane vart ein suksess, og musikkfesten har vorte gjenteken kvar pinse etter dette. Under 10-årsjubileet i 2005 var både Dronning Sonja, dåverande statsminister Kjell Magne Bondevik og den dåverande islandske statsministeren Halldór Ásgrímsson til stades.

Konsertane har etter kvart vorte haldne i fleire bygder og herad i Indre Hardanger. Konsertlokale har mellom anna vore Fossli Hotel ved Vøringsfossen i Eidfjord og det gamle smelteverkslokalet i Odda.

Musikkfesten inneheld ikkje berre kammermusikk, men famnar ei stor breidde av utøvarar og musikktypar. Musikkfesten arrangerer kvart år skulekonsertar med lokale korps.

Styreleiar for festivalen er Åse Kleveland. Stig Nilsson og Anders Kjellberg Nilsson er musikalske leiarar.

Utøvarar endre

Ei heil rekke kjende musikarar og skodespelarar har vitja Hardanger Musikkfest. Ein av dei mange utanlandske musikarane er Sir James Galway.

Frå Noreg har Musikkfesten vore vitja av m.a. Arve Tellefsen, Ole Edvard Antonsen, Brazz Brothers, Truls Mørk, Leif Ove Andsnes, Solveig Kringlebotn, Lise Fjeldstad, Espen Skjønberg, Oslo Filharmoniske orkester, Bergen Filharmoniske orkester, Trondheimsolistene, Vertavokvartetten, Den Kgl Norske Marines Musikkorps, Nordic Voices, Knut Buen, Tord Gustavsen Trio og Jan Garbarek Group.

Frå Hardanger har også Liv Bernhoft Osa, Geir Botnen og Arild Helleland kome til Musikkfesten.

Kjelder endre