Hardførheit eller herdigheit hos planter viser til evna deira til klare seg under vanskelege veksetilhøve. Vanlegvis tenker ein på klimatiske tilhøve. Det er såleis evnen til planta til å tole kulde, varme, tørke, rotblaute eller vind er det ein typisk tek med når ein vurderer hardførheita. Hardførheita er ofte gitt av arten sin opphavlege geografiske veksestad: lengdegrad, breiddegrad og høgd over havet. Alt dette er forenkla til hardførheitssoner.

Ein tenker ofte på dyrking av plantar når ein snakkar om hardførheit.[1] På tempererte breiddegrader er det ofte evna til å tole kulde som er viktigast, kulde-hardførheit og er generelt målt ved den lågaste temperaturen planta kan tole. Hardførheit til planter er ofte delt i tre kategoriar: følsom, halv-herdig og herdig. Følsomme planter er dei som ikkje toler frost, medan herdige planter overlever frost i det minste ned til ein viss temperatur avhengig av planta.

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. Sjøborg, Steinar (19. februar 2019). «hardførhet – jordbruk». Store norske leksikon (på norsk). 

Bakgrunnsstoff endre