Harry Kewell

australsk fotballspelar

Harry Kewell (fødd 22. september 1978 i Sydney i New South Wales) er ein australsk fotballspelar som har spelt for Galatasaray i den tyrkiske fotballigaen, og for det australske landslaget.

Harry Kewell
Personleg informasjon
Fødd 22. september 1978
Fødestad Sydney
Høgd 180 cm
Posisjon Ving, midtbane, spiss
Klubbinformasjon
Noverande lag
Galatasaray
Nummer 19
Ungdomsklubbar
1990-95
1995-96
Australia Marconi Stallions
Leeds United
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1996-2003
2003-08
2008-
Leeds United
Liverpool
Tyrkia Galatasaray
182 (46)
93 (12)
57 (23)
Landslag
1996- Australia Australia 45 (13)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 2. mai 2010
‡ Landslagsmål oppdatert 23. november 2009

Han spelte i Premier League i England i 13 år, frå 1995 til 2008, fram til 2003 for Leeds United og deretter for Liverpool. Han vart kåra til årets unge spelar i England i 2000, medan han spelte for Leeds United, og til årets spelar i Oseania i 1999, 2001 og 2003. I 2005 var han med på vinna den europeiske Meisterligaen med Liverpool.

Kewell vart den yngste australske A-landslagsspelaren nokonsinne då han debuterte i ein kamp mot Chile i april 1996, 17 år og 7 månader gammal. Han skåra det første landslagsmålet sitt borte mot Iran i november 1997 i ein playoff-kamp for kvalifisering til fotball-VM i 1998.