Opna hovudmenyen

Harstad/Narvik lufthamn, Evenes

Harstad/Narvik lufthamn, Evenes er ein stamruteflyplass i Evenes kommune i Nordland. Nokre av innflygingslysa i nordenden av rullebanen ligg i Skånland kommune i Troms. Flyplassen ligg 45 km unna Harstad, og 79 km unna Narvik.

Harstad/Narvik lufthamn, Evenes
Gate 30 at Harstad-Narvik airport.jpg
IATAEVE
ICAOENEV
FlyplasstypeSivil/Militær
EigarAvinor
OperatørAvinor
TenerHarstad kommune, Harstad Edit this on Wikidata
StadEvenes kommune
Opna30 June 1973 Edit this on Wikidata
Høgd25,6
Koordinatar68°29′29″N 16°40′41″E Edit this on Wikidata
Nettstadhttps://avinor.no/en/airport/harstadnarvik-airport/ Edit this on Wikidata

Flyplassen vart opna 30. juni i 1973 og har kring 500 000 passasjerar årleg.

I terminalbygget, som har fem gater og to bagasjeband, finn ein kafé, bilutleigefirma, kiosk, duty-free, billettkontor, minibank med meir.

TilkomstEndra

Buss: Flyplassen har samband med buss til Harstad, Narvik og Sortland.

Bil: E 10 går rett forbi flyplassen.

NamnestridEndra

Det har vore diskusjonar om det offisielle namnet på flyplassen, og det har også skjedd mistydingar og forveksling med Narvik lufthamn, Framnes. Avinor meiner at dagens namn er riktig, sidan Harstad og Narvik er dei næraste byane som flyplassen tener, og i fylgje internasjonale reglar skal flyplassar ha namnet til næraste store by. Harstad lufthamn, Evenes vart fyrst brukt då Evenes fekk nytt namn for nokre år sidan. Det kom protestar frå Narvik der ein meinte at Narvik også burde vere med i namnet på flyplassen, men Narvik har på si side allereie Narvik lufthamn, Framnes som er tent av Widerøe.

Flyplassen skal marknadsførast i chartersegmentet under namnet «Lofoten International Airport».[1]

Ruter og selskapEndra

I tillegg hadde Kato Air sin base på Harstad/Narvik lufthamn.

KjelderEndra

  1. «Lofoten får internasjonal flyplass». VG. Henta 4. april 2008. 

BakgrunnsstoffEndra