Harstad og omland mållag

Harstad og omland mållag er eit mållag for Harstad og nabokommunane. Mållaget har medlemmar frå Harstad, Kvæfjord, Skånland, Tjeldsund, Sortland og Salangen. Mållaget er med i Noregs Mållag og i Troms og Finnmark mållag.

Styre og medlemmar[1] endre

Laget blei skipa 5. februar 1997. Leiarar har vore Hildur Heim Nergård (1997-2005) og Magne Heide (2005-2023).

Harstad og omland mållag har sidan skipinga hatt eit medlemstal på mellom 17 og 28 medlemmar. I 2021 hadde laget 27 medlemmar. Totalt har nesten 70 personar på eitt eller anna tidspunkt vore medlemmar i laget sidan skipinga.

Lagsarbeid[1] endre

Harstad og omland mållag har hatt fleire opne møte og medlemsmøte med innleiarar frå lokalområdet, landsdelen og frå Noregs Mållag. Her har det vore tatt opp tema som nordnorsk språk og nynorsk identitet, språk og verdiar, nynorsk i Harstad-området, stadnamn, personnamn, samisk språk, nynorske forfattarar, avisspråk, m.m.

Laget har også arbeid med å samle stoff om harstadmålet og lokale ord og uttrykk. Laget har dessutan arbeidd med stadnamn, både fjellnamn og gardsnamn. Dette har blitt publisert i fleire artiklar i Årbok for Harstad.

Laget har arbeidd for å dra fram den nynorske historia i området, både dei skolane som har hatt nynorsk som hovudmål og dei som har hatt parallellklassar i nynorsk.

Laget har dessutan arbeidd for å betre opplæringa i nynorsk som sidemål. Det har også vore fokus på den samiske målstriden i området.

Laget har hatt møte om Gudmund Brede (Tjeldsund), Peter Karl Eberg Pedersen (Harstad), Ingrid Mollvik (Kvæfjord) og Hans Eidnes (Harstad). Laget har også vore med på bokkveldar. I 2003 arrangerte mållaget ei novelletevling for den vidaregåande skolen, og tre noveller blei premierte. Laget arbeider også med å spreie god nynorsk litteratur.

Mållaget har komme med fråsegner i fleire namnesaker.

Laget har tatt initiativ til å halde nynorsk gudsteneste i Trondenes kyrkje, og dette har vore gjennomført sia 2013.

Historie, tidlegare mållag endre

Det har tidlegare vore fleire mållag i området som Harstad og omland mållag i dag dekker og har medlemmar ifrå. I tida før andre verdskrig var desse mållaga i arbeid:[2]

I tida etter 1945 har desse mållaga vore i arbeid:[9]

Fotnotar endre

  1. 1,0 1,1 Årsmeldingar frå Harstad og omland mållag, 1997-2023
  2. Roger Lockertsen: ”Nordnorsk målreising 1848-1945”, side 252; i: ”Nordnorsk. Språkarv og språkforhold i Nord-Noreg.” Redigert av Tove Bull og Kjellaug Jetne, Det Norske Samlaget, Oslo 1982.
  3. Den 17de Mai 25. april 1940: "Maalvoksteren" nb.no
  4. "Eit utdrag av femaarsmeldinga til Troms fylkesmållag 1915-1920", Mål og Makt nr 3, 1976, side, 19 [1]
  5. Troms Folkeblad, tirsdag 19. august 1980
  6. 6,0 6,1 Den 17de Mai 12. februar 1919: "Eit lite mønstermaallag" nb.no
  7. 7,0 7,1 Glommen, torsdag 3. juli 1930 [2] og lagt ned før 1950
  8. Avisa Glommen 3.7.1930
  9. Magne Heide: ”Målarbeid i Nord-Noreg 1945-1980”, side 284-288; i: ”Nordnorsk. Språkarv og språkforhold i Nord-Noreg.” Redigert av Tove Bull og Kjellaug Jetne, Det Norske Samlaget, Oslo 1982.
  10. Avisa "Varden" 23.9.1955
  11. Nordlys, laurdag 27. januar 1962
  12. Lofotposten, tirsdag 9. april 1974 : "Målungdom i Harstad har organisert seg" [3]
  13. Harstad Tidende, fredag 25. oktober 1985: "Kva er Harstad Målungdom?"
  14. Norsk Tidend, laurdag 21. juli 1956
  15. Nordlys, fredag 16. november 1979