Hartvikvatnet

vatn i Narvik i Nordland

Hartvikvatnet (nordsamisk Árajávri) er eit vatn som ligg nedst i Vassdalen, ved Bjerkvik i Narvik kommune i Nordland.

Hartvikvatnet
innsjø
Land  Noreg
Fylke Nordland
Kommune Narvik
Høgd over havet 78 moh.
Areal 2,30 km²
Kystlengd1 7,32 km
Koordinatar 68°33′20″N 17°40′55″E / 68.55556°N 17.68194°E / 68.55556; 17.68194
Kart
Hartvikvatnet
68°33′22″N 17°40′53″E / 68.556°N 17.6815°E / 68.556; 17.6815
1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen.

Innsjøen vart kjend etter ei hending under andre verdskrigen, då elleve tyske Junker 52-fly landa på isen i april 1940 etter å ha møtt på tett snødrev og dårleg sikt på turen nordover til Bardufoss. Då dei tyske styrkane kom tilbake til flya hadde dei fleste frose fast og var for skadde til å kunne flygast vidare. berre eitt av flya kunne letta på nytt, og då isen seinare smelta sokk dei ti gjenverande flya i vatnet. I ettertid er fleire av dei henta opp, og dei fleste av desse er no på museum i Tyskland og Noreg. I 2012 var det framleis tre fly i vatnet. Eitt av dei hadde sokke ned i botnen, det andre låg på om lag 40 meters djupne, og det tredje låg like under vassoverflata (4–8 meter under vasoverflata).[1]

Kjelder endre

  1. «Se hva som dukket opp under isen!». NRK.no. 28. desember 2012. Henta 4. mai 2014. 
  Denne geografiartikkelen som har med Nordland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.