Opna hovudmenyen
Harvest Moon
Studioalbum av Neil Young
Utgjeve 2. november 1992[1]
Innspelt September 1991 – februar 1992
Studio Redwood Digital, Woodside (utanom «Natural Beauty» i Portland Auditorium i Oregon; og strykarar på «Such A Woman» spelt inn i Sunset Sound i Hollywood)
Sjanger
Lengd 51:58
Selskap Reprise
Produsent Neil Young, Ben Keith
Neil Young-kronologi
Arc
(1991)
Harvest Moon Lucky Thirteen
(1993)


Harvest Moon er det 22. albumet til den kanadiske musikaren Neil Young, utgjeve 2. november 1992. Mange av musikarane som spelte på albumet, spelte òg på Harvest frå 1972.

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic3.5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar half.svgStar empty.svg[2]
Rolling Stone4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[3]

Innhaldsliste

InnspelingEndra

Young hadde fått tinnitus etter innspelinga av Ragged Glory i 1990 og den påfølgjande turneen (som gav Weld og Arc i 1991), men han var bestemt på å gå attende i studio. Då han kom til Nashville tok han med seg samarbeidspartnaren Ben Keith og la frå seg den elektriske gitaren og tok fram ein akustisk gitar, piano og banjo, som hadde dominert album som Harvest, Comes a Time og Old Ways.

I tillegg nytta han analogt innspelingsutstyr i staden for digitalt utstyr for å få ei «varmare» kjensle.

Den påfølgjande turneen vart spelt inn og kom til slutt ut i 2009 som Dreamin' Man, eit konsertalbum frå turneen etter albumet i 1992 der han spelte heile albumet solo, men i anna rekkjefølgje.

MottakingEndra

Musikknettsida Classic Rock Review kåra Harvest Moon til årets album for 1992.[4] I 1994 vann Young Junoprisen for årets album i Canada. Matthew Greenwald i AllMusic skildra melodien på tittelsporet som «absolutt strålande».[5] Albumet gjorde at Young kunne halde fram den kommersielle suksessen med god respons frå kritikarane som han hadde fått med Freedom og Ragged Glory, og albumet selde til slutt betre enn begge desse. Songen «Harvest Moon» toppa AARP si liste over «16 songar alle over 50 bør eige».

InnhaldEndra

Alle songar er skrivne av Neil Young. 

# Tittel Lengd
1. «Unknown Legend»   4:32
2. «From Hank to Hendrix»   5:12
3. «You and Me»   3:45
4. «Harvest Moon»   5:03
5. «War of Man»   5:41
6. «One of These Days»   4:55
7. «Such a Woman»   4:36
8. «Old King»   2:57
9. «Dreamin' Man»   4:36
10. «Natural Beauty» (konsertopptak frå 1992) 10:22

MedverkandeEndra

The Stray GatorsEndra

Andre medverkandeEndra

  • Larry Cragg – korvokal på «War of Man»
  • Nicolette Larson – korvokal på «You and Me,» «War of Man,» «Such a Woman,» «Old King,» «Dreamin' Man,» «Natural Beauty»
  • Linda Ronstadt – korvokal på «Unknown Legend,» «From Hank to Hendrix,» «Harvest Moon,» «War of Man,» «One of These Days»
  • James Taylor – korvokal på «From Hank to Hendrix,» «War of Man,» «One of These Days»
  • Astrid Young – korvokal på «War of Man,» «Such a Woman,» «Dreamin' Man»
  • Jack Nitzschestrykararrangement på «Such a Woman»
  • Suzie Katayama – dirigent på «Such a Woman»
  • Maria Newmankonstermeister på «Such a Woman»
  • Maria Newman, Israel Baker, Betty Byers, Berg Garabedian, Harris Goldman, Robin Lorentz, Cindy McGurty, Haim Shtrum – fiolin på «Such a Woman»
  • Valerie Dimond, Matt Funes, Rick Gerding, Carrie Prescott, David Stenske, Adriana Zoppo – bratsj på «Such a Woman»
  • Larry Corbett, Ericka Duke, Greg Gottlieb, David Shamban – cello på «Such a Woman»

SalslisterEndra

AlbumEndra

År Liste Plassering
1992 The Billboard 200 16
UK Albums Chart 9

SinglarEndra

År Singel Liste Plassering
1992 «War of Man» Billboard Mainstream Rock Tracks 7
1993 «Unknown Legend» Billboard Mainstream Rock Tracks 38
1993 «Harvest Moon» UK Singles Chart 36

SalstroféEndra

Organisasjon Nivå Dato
RIAA (USA) 2× platina 16. juli 1997

KjelderEndra

  1. «Neil Young: Harvest Moon». neilyoung.com. Neil Young. Henta 26. april 2017. 
  2. Erlewine, Stephen Thomas (27. oktober 1992). «Harvest Moon - Neil Young | Songs, Reviews, Credits, Awards». AllMusic.com. Henta 5. mars 2019. 
  3. Kot, Greg (26. november 1992). «Neil Young Harvest Moon Album Review». Rolling Stone. Henta 5. mars 2019. 
  4. «Classic Rock Review of Harvest Moon by Neil Young». Henta 5. mars 2019. 
  5. «Harvest Moon – Neil Young». AllMusic. Henta 5. mars 2012.