Harvey Cirque er ein dalbotn med ein liten isbre mellom Scheuermann Spur og Corell Cirque i den sørlege delen av Darwin Mountains i Antarktis. Dalbotnen ligg langs det omfattande Prebble Icefalls som gjev noko is til toppen av botnen. Det går noko is frå dalbotnen til Hathertonbreen. Han vart kalla opp etter geologen Ralph P. Harvey frå Case Western Reserve University i Cleveland i Ohio, som var med i United States Antarctic Program si leiting etter meteorittar i Antarktis (ANSMET) i Dei transantarktiske fjella i mange somrar frå 1992 til 2001.[1]

Harvey Cirque
dalbotn
Land  Antarktis
Stad Oates Land
 - koordinatar 79°54′S 155°52′E / 79.900°S 155.867°E / -79.900; 155.867
Administrert under Antarktistraktaten
Kart
Harvey Cirque
79°54′00″S 155°52′01″E / 79.9°S 155.867°E / -79.9; 155.867
Harvey Cirque is located in Antarktis
Harvey Cirque (Antarktis)

Kjelder

endre
  1. «Harvey Cirque». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 16. januar 2014. 

  Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Harvey Cirque» (innhald frå Geographic Names Information System).