Hasundhornet

Koordinatar: 62°19′4″N 5°52′41″E

Hasundhornet eller Hasundrabben er ein fjelltopp i Ulstein kommune i Møre og Romsdal fylke.[1] Han har ei høgd på 533 meter over havet. Fjellet har god utsikt over Ulsteinvik, Dimnøya og ut mot fuglefjellet Runde. Hasundhornet er lettast tilgjengeleg etter ein grusa tursti som vart laga i 2020.[2] Turstien går frå ein parkeringsplass ved Bulegene nesten til toppen. Turstien er ca 1.470 m lang, og har ein høgdeforskjell på ca 200 m.[3] Hasundhornet er også godt tilgjengeleg frå andre kantar, mellom anna frå Garshol.[4]

Hasundhornet
fjell
Hasundhornet.jpg
Hasundhornet sett frå Strandabøen
Land Flag of Norway.svg Noreg
Område Ulstein (Møre og Romsdal)
Høgd 533 moh.

Hasundhornet
62°19′5″ N 5°52′41″ E


KjelderEndra