Have 'Twangy' Guitar Will Travel
Have 'Twangy' Guitar Will Travel Studioalbum av Duane Eddy | ||
Utgjeve | 9. januar 1958 | |
Innspelt | 1957 i Audio Recorders i Phoenix i Arizona | |
Sjanger | Instrumental rock, rock and roll | |
Lengd | 33:47 | |
Selskap | Jamie | |
Produsent | Lee Hazlewood, Lester Sill | |
Duane Eddy-kronologi | ||
---|---|---|
Have 'Twangy' Guitar Will Travel | Especially for You (1959) | |
Singlar frå Have 'Twangy' Guitar Will Travel | ||
|
Have 'Twangy' Guitar Will Travel er debutalbumet til gitaristen Duane Eddy. Albumet kom ut i 1958 på Jamie Records og inneheldt fem singlar som alle gjekk inn på hitlista i USA og ei B-side frå ein av singlane.
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
Allmusic | [1] |
Bakgrunn
endreEtter å ha gjeve ut ei rekkje suksessrike singlar, gav Eddy ut det første albumet sitt, Have 'Twangy' Guitar Will Travel den 9. januar 1958 i ei blanding av tidleg rock & roll, swing, country og blues, og det inneheld fleire coverversjonar i tillegg til originale komposisjonar. Han spelte med bandet sitt, The Rebels, som bestod av Al Casey på rytmegitar, kona hans Corki Casey på rytmegitar, Steve Douglas på saksofon, Buddy Wheeler på bass og både Mike Bermani og Bob Taylor på trommer. I tillegg spelte fleire gjesteartistar som The Sharps (seinare kalla The Rivingtons), som song korvokal.[2] Albumet låg 82 veker inne på Billboard-lista i 1959 og 1960 og nådde femteplassen som det høgaste. Fem singlar kom ut både før og etter albumet, og nådde alle Billboard Hot 100. Eddy gav ut ni album til som nådde albumlista og i alt 26 hitsinglar dei neste fem åra.
Eddy og albumet skapte fleire imitatorar som Rock-A-Teens, The Fabulous Wailers, The Frantics, The Fireballs og til slutt The Ventures.[2]
Innhald
endreAlle songar er skrivne av Duane Eddy og Lee Hazlewood, utanom der andre er nemnt.
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Lonesome Road» | Gene Austin, Nathaniel Shilkret | 3:09 |
2. | «I Almost Lost My Mind» | Ivory Joe Hunter | 2:18 |
3. | «Rebel Rouser» | 2:23 | |
4. | «Three-30 Blues» | 3:33 | |
5. | «Cannonball» | 1:55 | |
6. | «The Lonely One» | 1:42 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
7. | «Detour» | Paul Westmoreland | 2:12 |
8. | «Stalkin'» | 2:27 | |
9. | «Ramrod» | Al Casey | 1:42 |
10. | «Anytime» | Herbert Happy Lawson | 2:19 |
11. | «Moovin' 'N' Groovin'» | 2:05 | |
12. | «Loving You» | Jerry Leiber, Mike Stoller | 2:10 |
Medverkande
endreThe Rebels
endre- Duane Eddy – gitar
- Al Casey – elektrisk bass, piano, rytmegitar
- Steve Douglas – saksofon
- Corki Casey O'Dell – rytmegitar
- Buddy Wheeler – elektrisk bass
- Bob Taylor – trommer
- Mike Bermani – trommer
Gjestemusikarar
endre- Plas Johnson – saksofon
- Gil Bernal – saksofon
- Ike Clanton – bass
- Jimmy Simmons – kontrabass
- Jimmy Wilcox – bass
- Donnie Owens – rytmegitar
- The Sharps – korvokal
Teknisk
endre- Lee Hazlewood – plateprodusent
- Lester Sill – produsent
- Jack Miller – lydteknikar
- Eddie Brackett – lydteknikar
- Greg Vaughn – mastering
- Tom Moulton – mastering
- Ben Demotto – tekst i omslaget
Salslister
endreÅr | Tittel | U.S. Billboard 200 | UK Albums Chart[3] | Selskap og nummer |
---|---|---|---|---|
1958 | Have 'Twangy' Guitar Will Travel[4] | 5 | 6 | Jamie JLPS-3000 |
Singlar
endreÅr | Tittel Begge sider frå same album utanom der anna er nemnt |
Salslister | ||
---|---|---|---|---|
Billboard[5] | Cashbox | UK[6] | ||
1958 | «Moovin' N' Groovin' » med «Up and Down» (frå $1,000,000 Worth of Twang, Volume II) |
72 | 54 | - |
«Rebel Rouser» med «Stalkin'» |
6 | 7 | 19 | |
«Ramrod» med «The Walker» (ikkje på album) |
27 | 33 | - | |
«Cannonball» med «Mason Dixon Lion» (ikkje på album) |
15 | 16 | 22 | |
1959 | «The Lonely One» med «Detour» |
23 | 19 | - |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Have 'Twangy' Guitar Will Travel» frå Wikipedia på engelsk, den 24. februar 2018.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Allmusic review
- ↑ 2,0 2,1 «Duane Eddy». http://www.waybackattack.com/eddyduane.html
- ↑ Roberts, David (2006). British Hit Singles & Albums (19th utg.). London: Guinness World Records Limited. s. 178. ISBN 1-904994-10-5.
- ↑ «Have Twangy Guitar Will Travel». Tony50.tripod.com. Henta 24. februar 2018.
- ↑ Whitburn, Joel (2003). Top Pop Singles 1955–2002 (1. utg.). Menomonee Falls, Wisconsin: Record Research Inc. s. 218. ISBN 0-89820-155-1.
- ↑ Betts, Graham (2004). Complete UK Hit Singles 1952–2004 (1st utg.). London: Collins. s. 248. ISBN 0-00-717931-6.