Have I Told You Lately That I Love You?

«Have I Told You Lately That I Love You?» er ein popsong skriven av Scotty Wiseman og publisert i 1945.[1] Det vart den største hitten til Wiseman og kona hans og ein av dei første countrysongane som fekk stor merksemd hos pop-publikummet.

Bing Crosby og The Andrews Sisters-versjonen endre

Have I Told You Lately That I Love You?
Singel av Bing Crosby og The Andrews Sisters
B-side

«Quicksilver»

Språk engelsk
Utgjeve 1949
Innspelt 25. november 1949
Sjanger Easy Listening
Selskap Decca
Komponist Scotty Wiseman
Tekstforfattar Scotty Wiseman
Låtskrivar(ar) Scotty Wiseman

Bing Crosby og The Andrews Sisters spelte inn songen den 25. november 1949[2] og vart godt motteken i magasinet Billboard.[3] Singelen gjekk inn på Billboard-lista 21. januar 1950 og i løpet av fire veker nådde han 24. plassen.[4]

Lulu Belle og Scotty-versjonen endre

Have I Told You Lately That I Love You?
Singel av Lulu Belle and Scotty
B-side

«In the Heart of a Fool»

Språk engelsk
Utgjeve 1956
Innspelt 1956
Sjanger Country
Selskap Mercury
Komponist Scotty Wiseman
Tekstforfattar Scotty Wiseman
Låtskrivar(ar) Scotty Wiseman

Lulu Belle and Scotty gav ut sin versjon i 1956 på Mercury Records.

Elvis Presley-versjonen endre

Den tidlegaste og mest kjende innspelinga av «Have I Told You Lately That I Love You» i den tidlege rocketida vart gjort av Elvis Presley. Presley spelte inn songen 19. januar 1957 i RCA's Radio Recorders i Hollywood for albumet Loving You. Med på innspelinga var Presley sjølv på rytmegitar, den vanlege sologitaristen Scotty Moore med Bill Black på bass, D.J. Fontana på trommer, piano av Dudley Brooks, orgel av Hoyt Hawkins og korvokal av The Jordanaires. Då songen kom ut på albumet Loving You i juli 1957 spelte både Ricky Nelson og Eddie Cochran inn versjonar av songen. Nelson gav songen ut på B-sida til hitsingelen («Be-Bop Baby», gjeven ut i september), medan albumet til Cochran vart gjeve ut på album i november.

Eddie Cochran-versjonen endre

Have I Told You Lately That I Love You
Song av Eddie Cochran
frå albumet Singin' to My Baby
Utgjeve November 1957
Innspelt August 1957
Sjanger Country
Lengd 2:32
Selskap Liberty
Komponist Scotty Wiseman
Tekstforfattar Scotty Wiseman
Låtskrivar(ar) Scotty Wiseman
Produsent Simon Jackson

Eddie Cochran spelte inn versjonen sin i august 1957 og gav han ut på albumet Singin' to My Baby. Musikarar på innspelinga var:

Andre versjonar endre

Lister endre

År Artist Plassering
U.S. C&W U.S. CAN
1946 Red Foley 5
1946 Gene Autry 3
1946 Tex Ritter 3
1950 Bing Crosby & Andrews Sisters 24
1957 Ricky Nelson 29
1957 Elvis Presley 13
1968 Kitty Wells & Red Foley 74

Kjelder endre

  1. Lulu Belle & Scotty, Hillbilly-Music.com
  2. «A Bing Crosby Diskografi». BING magazine. International Club Crosby. Henta 20. september 2016. 
  3. «Billboard». 24. desember 1949. 
  4. Whitburn, Joel (1986). Joel Whitburn's Pop Memories 1890-1954. Wisconsin, USA: Record Research Inc. s. 113. ISBN 0-89820-083-0. 
  5. «Discogs.com». Discogs.com. Henta 20. september 2016. 
  6. «Discogs.com». Discogs.com. Henta 20. september 2016. 
  7. «Discogs.com». Discogs.com. Henta 20. september 2016. 
  8. «Discogs.com». Discogs.com. Henta 20. september 2016. 
  9. Miles, Barry (1998). The Beatles a Diary: An Intimate Day by Day History. London: Omnibus Press. ISBN 9780711963153. 
  10. «Discogs.com». Discogs.com. Henta 20. september 2016.