Havkongroar

(Omdirigert frå Havedderkoppar)
Havkongroar
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Underrike: Eumetazoa
Infrarike: Protostomia
Rekkje: Leddyr Arthropoda
Underrekkje: Chelicerata
Klasse: Havkongroar Pycnogonida
Latreille, 1810

Havkongroar eller havedderkoppar (Pycnogonida) er ein klasse i underrekkja Chelicerata. Havkongroar har stutte og tynne framkroppar som oftast har fire ledd. Det fyrste leddet er snabelforma med munnen i spissen, fire punktaugo på oversida og to par munnføter på undersida. På kvart av kroppsledda er det eit par bein med åtte til ni ledd, og vanlegvis er desse lange og tynne. Enkelte djupvasssartar kan måla opptil 50 cm mellom beinspissane. Hannen ber egga feste til tynne og ledda «eggberarar» på det fyrste kroppsleddet. Bakkroppen er berre eit lite vedheng utan lemer. Havkongroar har ingen andedrettsorgan. Meltekanalen deira sender ut greiner i lemene. Hjarta er sekkforma og ligg langs ryggsida.

Havkongroar er trege dyr som krabbar omkring på botnen. Dei lever mellom anna av å suga ut av hydroidar og sjøroser. Kring 600 artar lever frå tidevassbeltet ned til 3000–4000 m. I Noreg er det kjent kring 30 artar.

Kjelder endre

«havedderkopper» i Store norske leksikon, snl.no. Henta 14. mars 2017.

  Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.