Havgeit, sjøgeit eller fiskegeit er eit fabeldyr som har framkroppen til ei geit og bakkroppen til ein fisk.[1]

Relieff av ei fiskegeit frå Det nære Austen frå 2. tusenåret fvt.

Stjernebildet Steinbukken blir ofte framstilt som ei havgeit. Dette har vore gjort sidan bronsealderen i Mesopotamia. Då brukte babylonarane nemninga MULSUḪUR.MAŠ, 'Geitefisken', til å symbolisera guden Ea.[2][3]

Keisar Augustus sitt teikn som viser Steinbukken som ei havgeit.[4]
Gresk relieff av ei kvinne på ei havgeit.
Geiter ved Middelhavet.

Jødisk tradisjon endre

Det finst også havgeiter i jødisk folkeminne. Som andre vesen i havet må dei ofra seg til monsteret Leviatan når tida kjem. Ein sjømann skal ha funne ei havgeit langt ute til havs. På horna hennar stod det innskrive: «Eg er eit lite sjødyr, men eg har reist tre hundre parasang for å ofra meg sjølv som mat til leviatanen.»[5]

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. «The Capricorn goat/sea goat». Mythology. Gods and Monsters. 
  2. Rogers, John H. (1998). «Origins of the ancient constellations: I. The Mesopotamian traditions». Journal of the British Astronomical Association 108: 9–28. Bibcode:1998JBAA..108....9R. 
  3. Espak, Peeter (2006). Master's Thesis (PDF) (Masters). s. 104. 
  4. Tamsyn Barton (1995). «Augustus and Capricorn: Astrological Polyvalency and Imperial Rhetoric». The Journal of Roman Studies (Society for the Promotion of Roman Studies) 85: 47. 
  5. Louis Ginzberg. (1909) Legends of the Jews. Vol I, "The Creation of the World: The Sixth Day" og Vol IV, "Elisha and Jonah: Jonah in the Whale". [1]