Solgangsbris

(Omdirigert frå Havgule)

Solgangsbris eller sjøbris er ein vind frå sjøen eller store innsjøar som utviklar seg over land nær kysten. Den oppstår ved at landoverflata vert oppvarma raskare enn vatnet, og dette får den varme lufta til å stige slik at det oppstår eit lågtrykk ved bakken og eit høgtrykk i høgda over land. Kjøligare luft frå sjøen strøymer så innover mot land for å fylle igjen lågtrykket.

A: Sjøbris, B: Landbris
Sjøbris og atmosfærisk høgd

Den same effekten kan òg oppstå i samband med varmeøyar. Når byar fungerer som varmeøyar kan det oppstå eit lokalt vindregime der lufta stig over den varmare byen og luft frå dei kjøligare omgjevnadane strøymer inn mot byen som vind. Denne typen «solgangsbris» er derimot langt svakare enn solgangsbrisen som oppstår i skiljet mellom sjø og land.

Årsak endre

Vatn har større spesifikk varmekapasitet enn landområda, og sjøen har derfor større kapasitet til å absorbere oppvarming frå solinnstråling. Dette fører til at sjøen vert varma opp og avkjølt mykje seinare enn landoverflata. Når temperaturen på landoverflata aukar, vil den varme lufta byrje å stige fordi den har mindre tettleik enn den kjøligare lufta over sjøen (konveksjon). Den stigande lufta fører til eit trykkfall ved landoverflata på om lag 0,2 %. Den kjøligare lufta over sjøen vil dermed ha høgare trykk enn lufta over land, og strøymer mot lågtrykket på land. Dette skapar ein kjøligare bris nær kysten. Styrken på sjøbrisen er direkte proporsjonal med temperaturskilnaden mellom land og sjø. Visst vindfeltet i omgivnadane er større enn 4-5 m/s og i motsett retning, vil ein sannsynlegvis ikkje få sjøbris, men hovudvindfeltet vert svekka og av og til kan dette føre til nesten vindstille vêr utpå ettermiddagen.

Tidsrom endre

Sjøbrisen oppstår som regel om sommaren medan sola er oppe, og gjerne eit stykke ut på dagen når temperaturskilnaden mellom lufta over land og lufta over sjøen har bygd seg opp. Når dette skjer tidleg på sommaren og varm luft strøymer over eit område med kald sjø kan dette skape adveksjonståke, som sjøbrisen så fører inn over landområde nær kysten. Om kvelden og natta, når temperaturen over land vert lågare, vil sjøbrisen vanlegvis forsvinne. Kystområde nær ekvator kan ha sjøbris året rundt.

Konsekvensar endre

Ein sjøbrisfront er ein vêrfront skapt av sjøbrisen, òg kalla ei konvergenssone. Den kalde lufte frå sjøen møter varmare luft frå land og dannar ei grensesone med ein grunn kaldfront. Når temperaturskilnadane er store nok kan denne fronten skape cumulusskyer, og viss lufta er fuktig og ustabil nok kan det dannast cumulonimbusskyer og av og til utløyse torevêr. Corioliskrafta vil påverke sjøbrisen og etter kvart bøye den av mot høgre (på nordlege halvkule), og eit stykke ut på ettermiddagen vil vinden blåse nesten parallelt med kysten, med kysten til venstre for vindretninga til sjøbrisen. Dette er årsaka til at sjøbrisen òg vert kalla solgangsbris, sidan vindretninga ser ut til å endre seg i takt med sola som fer over himmelen. Ei kyststripe som går frå nord til sør, vil få nordleg solgangsbris ut på ettermiddagen på solrike dagar. Om hovudvindfeltet i utgangspunktet då er nordleg, vil solgangsbrisen forsterke nordavinden om ettermiddagen. På klåre dagar med relativt svak nordavind på Vestlandskysten fører dette ofte til at vinden aukar på til liten kuling om ettermiddagen. Om hovudvindfeltet til dømes var sørleg, kan solgangsbrisen om ettermiddagen oppheve hovudvindfeltet, slik at det vert nærast vindstille.

Landbris endre

Om natta vil landområda avkjølast raskare enn sjøen på grunn av skilnaden i spesifikk varmekapasitet. Dette fører til at sjøbrisen gjev seg ei stund etter sola har slutta å varme opp landoverflata. Visst landoverflata vert avkjølt så mykje at den vert kjøligare enn sjøoverflatetemperaturen vil same prinsippet som fører til sjøbrisen danne eit vindfelt som går frå land og ut over sjøen, så lenge hovudvindfeltet ikkje er kraftig nok til å motverke dette. Visst det er nok fukt og instabilitet i lufta, kan landbrisen føre til regnbyer og til og med torevêr over sjøen.

Landgule og havgule endre

Landgule og havgule er namn nytta langs vestkysten av Noreg for frålandsvind (landgule) eller pålandsvind (havgule). Begge omgrepa er nytta om vind av moderat styrke, gjerne land- og sjøbris, som kjem av store daglege temperaturvariasjonar over land, helst om sommaren.

Havgula er gjerne kjølig og fuktig, sidan han bles frå sjøen, og ofte fører han tåke med seg inn mot kysten.[1]

Sjå òg endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre