Hayley Westenra

Hayley Dee Westenra (fødd 10. april 1987 i Christchurch)[1] er ein songar (sopran) og låtskrivar frå New Zealand.[2] Det første albumet ho gav ut internasjonalt, Pure, kom ut i 2003. Hayley Westenra har hittil selt over tre millionar CD-album over heile verda.[3]

Hayley Dee Westenra
HayleyWestenraWikipedia1.jpg
Hayley Westenra
Fødd10. april 1987 (34 år)
FødestadChristchurchNew Zealand New Zealand
FødenamnHayley Dee Westenra
OpphavNew Zealand
Aktiv2000—
SjangerCeltic music, operapop, klassisk musikk, New Age-musikk
Instrumentpiano, gitar, fiolin
Stemmetypesopran
PlateselskapDecca Records
Verka somsongar, gateartist, operasongar

Då ho vart utnemnd til ambassadør for UNICEF som 16-åring i 2003, var ho den yngste personen til då som nokonsinne hadde fått dette oppdraget.[1][3]

Hayley har sunge med artistar som Andrea Bocelli, José Carreras, Russell Watson, Bryn Terfel, og Katherine Jenkins med fleire. Året 2006 opptredde ho i Sverige to gonger, ein gong i Globen i Stockholm, den andre i Scandinavium i Göteborg, båe gongene som oppvarmingsband til Il Divo. I august 2006 song ho med den irske gruppa Celtic Woman, og og deltok på deira CD og DVD Celtic Woman: A New Journey. I 2007 turnerte ho med den same gruppa. Ho er i tillegg med på Celtic Woman sin DVD The Greatest Journey: Essential Colletion som kom ut i 2008. Hayley Westenra har sunge på engelsk, maori, irsk, walisisk, spansk, italiensk, tysk, fransk, portugisisk, latin, japansk, mandarin, katalansk og taiwansk.[2][4][5][6][7]

BiografiEndra

Hayley vart fødd i Christchurch på New Zealand, og har to søsken. Ho kjem frå ein musikalsk familie, mormora, Shirley Ireland, var songarinne, og farfaren var pianist og spela også trekkspel.[8] Ho har irsk, engelsk og nederlandsk opphav.[9][10]

Den musikalske karriæren hennar starta i seks års-alderen, då ho fekk rolla som «Little Star» i juleframsyninga på skulen. Etter framsyninga kontakta ein lærar som var til stades foreldra hennar, og fortalde dei at dottera deira var svært dyktig. Læraren oppmuntra Westenra til å læra seg å spela eit instrument for å utvikla evnene sine, og ho lærde seg å spela fiolin, piano, og blokkfløyte.[11]

Då ho var 12 år gammal spela Hayley inn demoen Walking in the Air i eit profesjonelt innspelingsstudio for familie og vener. Til å byrja med betalte foreldra hennar for 70 eksemplar for å gje til vener og familie, straks etterpå kjøpte dei 1000 eksemplar til, for å selja og promotera. Hayley og søstra hennar, Sophie, spela på gata i Christchurch og fekk selja ein del av dei 1000 albuma. Dei to jentene tiltrekte seg ei mengd publikum, og ein journalist frå Canterbury Television fekk Westenra til å opptre på fjernsyn.

Ein konsertarrangør fekk interesse for å samarbeida emed Hayley Westenra. Snart etter fekk ho møta representantar for Universal New Zealand, og fekk tilbod om platekontrakt med det same.

Hayley Westenras internasjonale framgang kom etter at ho gjorde ein avtale med Decca Records og gav ut Pure (2003). Albumet vart det snøggast seljande debutalbumet i Storbritannias historie i sjangeren klassisk musikk.[12]

DiskografiEndra

ReferansarEndra

  1. 1,0 1,1 «Hayley Westenra». Christchurch City Libraries. Henta 22 September 2019. 
  2. 2,0 2,1 «Artists profile of Hayley Westenra». DECCA Records. Arkivert frå originalen 14. mars 2012. Henta 3. august 2011. 
  3. 3,0 3,1 «Hayley Westenra». classicfm.co.uk. Henta 12. februar 2012. 
  4. «Hayley Westenra celebrates a decade in music business at just 24». 28. juli 2011. Henta 3. august 2011. 
  5. «Soprano matches it with the best». 12 June 2011. Henta 3. august 2011. 
  6. «Soprano star is part of the Union». 4. august 2011. Henta 4. august 2011. 
  7. «Westenra records World in Union official album with classical artists». 9. august 2011. Arkivert frå originalen 10. august 2011. Henta 12. august 2011. 
  8. Hayley Westenra: Live from New Zealand. [DVD]. Universal Music. 
  9. «Hayley Westenra». CMusic.tv. Henta 30. januar 2009. 
  10. Lee, Linda (25. april 2004). «A Night Out With – Hayley Westenra; Almost a Diva». The New York Times. Henta 9. november 2008. 
  11. Hayley Westenra: Live from New Zealand. [DVD]. Universal Music. 2005.
  12. «Hayley Westenra Kiwi Star Impresses The World». PAUL SEXTON og CHRISTIE ELIEZER. Henta 21. juni 2020. 

BakgrunnsstoffEndra