He Hit Me (and It Felt like a Kiss)

He Hit Me (And It Felt Like a Kiss)
Singel av The Crystals
B-side «No One Ever Tells You»
Innspelt 1962
Selskap Philles
Låtskrivar(ar) Gerry Goffin, Carole King
Produsent Phil Spector
The Crystals-kronologi
«Uptown»"
(1962)
He Hit Me (And It Felt Like a Kiss) «He's a Rebel»
(1962)


«He Hit Me (And It Felt Like a Kiss)» er ein song skriven av Gerry Goffin og Carole King for jentegruppa The Crystals med Phil Spector som produsent i 1962. Goffin og King skreiv songen då dei oppdaga at barnevakta deira og songaren Little Eva ofte vart slått av kjærasten sin.[1] Då dei spurte ho om kvifor ho godtok ei slik behandling, svarte Eva at handlingane til kjærasten kom av kjærleiken hans til ho.[1]

ProduksjonEndra

Arrangementet til Phil Spector var illevarslande og fleirtydig.[1]

« Det var ein brutal song, som eit kvart forsøk på å rettferdiggjere slik vald må vere, og arrangementet til Spector berre forsterka råskapen, og rama inn den einsame stemma til Barbara Alston mellom skarpe strykarar og tunge trommer, medan korvokalen skjelvande song at guten ikkje hadde gjort noko gale. I meir ironiske hender (o ein meir forståeleg alder) kunne 'He Hit Me' passert som satire. Men Spector viste ingen teikn til det, og kjende heller ingen trong til det. Han var berre dokumenterande. »

UtgjevingEndra

«He Hit Me» vart noko spelt på radio då han først kom ut, men det kom så store protestar mot songen, og mange trudde songen støtta konemishandling.[1] Kort tid etter var songen sjeldan å høyre på radio.

Frank Borzage-filmen Liliom frå 1930 inneheld linja «He hit me and it felt like a kiss» i den siste scenen. Filmen var ikkje ein suksess og ingen tyder på at Goffin eller King hadde sett filmen. Skodespelet som filmen var basert på var grunnlaget for Rodgers og Hammerstein-musikalen Carousel. Det er mogeleg at King og Goffin kjende til filmversjonen av musikalen frå 1956, som inneheld nesten den same linja. King har sjølv sagt at ho var inspirert av ei veninne som hadde sagt ddenne linja.[2]

Carole King sa i det same intervju at ho var lei seg for å ha hatt noko med songen å gjere. Ho hadde sjølv opplevd mishandlign (men ikkje frå Goffin som ho var gift med frå 1959 til 1969).[3]

I popkulturenEndra

  • I 2005 gav bandet Spiritualized ut ein song kalla «She Kissed Me (It Felt Like a Hit)».
  • Saint Etienne-songen «She's the One» siterer tittelen på songen.
  • My Life With the Thrill Kill Kult-songen «Glamour Is a Rocky Road» siterer tittelen på songen.
  • Amy Winehouse omtalte ofte songen som ein av favorittongane og største inspirasjonskjeldene hennar.
  • The Cardigans-songen «And Then You Kissed Me» er ei omtolking av «He Hit Me».
  • Amy Rigby-songen «Dancing with Joey Ramone» listar opp «He Hit Me (and It Felt Like a Kiss)» som ein av songane dei dansar til i draumen hennar.
  • Mad Men brukte songen under rullteksten til ein episode kalla «Mystery Date».
  • Lana Del Rey brukte linja «Hit me and it felt like a kiss» i songen sin «Ultraviolence» frå albumet med same namn i 2014.

Andre versjonarEndra

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 «allmusic». Henta 21. februar 2018. 
  2. «For Carole King, Songwriting Is A 'Natural' Talent» (in English). Fresh Air. NPR. WHYY. 36 minuttar i. Henta 2012-04-24. "But Gerry wrote that lyric after hearing an Afroamerikanske woman that we knew… just come right out and say that."
  3. «Carole King (I) - Biography». Henta 21. februar 2018. 
  4. «Amazon.com: All Four One: The Motels: Music». Henta 21. februar 2018. 
  5. «All Four One». Wikipedia (på engelsk). 17. september 2017. 
  6. «The Motels - All Four One». Discogs (på engelsk). Henta 29. desember 2017. 
  7. «Dedicated To The Ones We Love». Arkivert frå originalen 2007-08-29. Henta 21. februar 2018. 
  8. «YouTube - Grizzly Bear - He Hit Me (It Felt Like a Kiss) - Live @ UCLA». Henta 21. februar 2018. 
  9. «The Keys - Unwoman». Henta 21. februar 2018. 
  10. «Kramer: The Brill Building > Review». Allmusic. Henta 21. februar 2018.