Hearts and Bones
Studioalbum av Paul Simon
Utgjeve 4. november 1983
Sjanger Rock
Lengd 40:30
Selskap Warner Bros.
Produsent Roy Halee
Paul Simon
Russ Titelman
Lenny Waronker
Kritikk
Paul Simon-kronologi 
One-Trick Pony
(1980)
Hearts and Bones Graceland
(1986)


Hearts and Bones er det sjette soloalbumet til Paul Simon og kom ut i 1983.

Albumet var opphavleg meint som eit gjenforeiningsalbum for Simon & Garfunkel kalla Think Too Much, etter konserten deira i Central Park i 1981 og den påfølgjande verdsturneen i 1982-1983.[1] Faktisk vart nokre av songane som var meint for Think Too Much spelt på turneen. Det var derimot mykje usemje mellom Simon og Art Garfunkel under innspelinga. Garfunkel var ikkje komfortable med dei personlege tekstane til Simon, og Simon ville visst nok ikkje ha vokalen til Garfunkel på songane. Dette førte til at dei gav seg med heile prosjektet, Simon fjerna vokalen til Garfunkel frå songane og arbeidde vidare med det som eit soloalbum.

Songen «The Late Great Johnny Ace» er ei hyllest frå Simon til John Lennon, som vart drepen kort tid før Simon skreiv songen. Musikken i slutten av denne songen, med strykarar, klarinett og fløyte, var skriven av komponisten Philip Glass.

I 1983 vart albumet rekna som mislukka og eit lågpunkt i karrieren til Simon. Albumet har kome i litt betre lys i nyare år og vert i dag rekna som eit solid album. Albumet nådde berre 35. plass i USA, men gjekk heilt til tredjeplass i Noreg.

Innhald endre

Alle songar er skrivne av Paul Simon, bortsett frå der andre er nemnde..

Nr.TittelLengd
1.«Allergies»4:37
2.«Hearts and Bones»5:37
3.«When Numbers Get Serious»3:25
4.«Think Too Much (b)»2:44
5.«Song About the Moon»4:07
6.«Think Too Much (a)»3:05
7.«Train in the Distance»5:11
8.«Rene and Georgette Magritte with Their Dog after the War»3:44
9.«Cars Are Cars»3:15
10.«The Late Great Johnny Ace» (Simon, Glass)4:45

Medverkande endre

Kjelder endre

  1. Allen, Paul (30. juli 2004). «3 Minutes, 49 Seconds: 47. Paul Simon - Hearts og Bones (1984)». 3min49sec.blogspot.com. Henta 5. november 2010.