Hedeby, på tysk Haithabu (historisk form) og Haddeby (moderne tysk), er ein liten stad i Slesvig i Tyskland like sør for grensa til dagens Danmark som er kjent som kaupang, det vil seie ein handelsstad, i vikingtida. Hedeby blir rekna som den første mellomalderbyen i Nord-Europa som tente som knutepunkt for handelen mellom folk frå Skandinavia, Nordsjø-områda og Baltikum.

Den gamle handelsstaden Hedeby ligg like sør for grensa til Danmark mot Tyskland.
Dannevirke var eit dansk forsvarsverk som vart sett i gang på 800-talet og strekte seg frå vestre Jylland til handelssenteret Hedeby.

Hedeby har vore omtalt under mange namn: på norrønt som ‘Haithabu’, hos Snorre Sturlason / Snorre Sturluson (norrønt: Snorri Sturluson) som ‘Heidaby’ (‘Heiðabýr’), på latin som ‘Heidiba’, men òg som ‘Heidiba’, ‘Haddeby’, ‘Sliastorp’, eller ‘Slesvig’. Namnet tyder garden eller landsbyen på heden (lyngmo).

I Hedeby ligg Vikingmuseet i Hedeby (på tysk Wikingermuseum Haithabu) som opna i 1985.

Historikk endre

 
Det tidlegare busetnadsfeltet innanfor den halvbogeforma festningsvollen, til venstre Haddebyer Noor.
 
Vikingmuseet i Hedeby fokuserer på arkeologien i og historia til Hedeby og vart opna i 1985
 
Rekonstruerte hus i Hedeby i tidsriktig byggestil.
 
Menneske i mellomalderdrakter i friluftsmuseet i Hedeby.
 
Delar av vollen rundt Hedeby er framleis godt bevart.

Handelsstad og by endre

Hedeby var ei dansk busetjing og ein handelsstad heilt sør i Danmark som låg strategisk til i det sørvestlege hjørnet av Austersjøen og der Jylland er smalast, det vil seie inst i den grunne, seglbare bukta Slien, like ved den dansken-tyske grensa. Staden ligg i dag i Tyskland, i delstaten Slesvig-Holsten (Sydslesvig). Hedeby var ein viktig kontakt midt mellom Austersjøområda i aust, dei saksiske marknadane i vest, dei frankiske og germanske marknadane i sør, og kaupangen i Skiringssal i Vestfold på nordsida av Skagerrak. Etter dei nyaste utgravingane ved Viksfjorden i Larvik reknar ein det som sannsynleg at det var den same danske kongemakta som etablerte og kontrollerte både Hedeby og kaupangen i Skiringssal.

Utviklinga til kaupangen nytte godt av den gunstige plasseringa; dels var han verna mot overfall frå sør av Dannvirke-festninga, dels låg han ved vestenden av Austersjøen, der det vart lasta av varer til transport tvers over Jylland, og dels låg han ved hærvegen der den nord-sør-gåande trafikken langs land passerte staden.

Hedeby var moglegvis den største byen i Norden i vikingtida og er rekna som den eldste byen i Danmark. Arkeologien sporar dei eldste husa til midten av 700-talet og frametter, noko som høver overeins med at staden er nemnt i krøniker frå 803, skrive av historikaren Einhard som var i teneste hos den franske kongen Karl den store. Den eldste byen i det noverande Danmark er Ribe, først nemnt i 854. Moglegvis er Hedeby grunnlagt av kong Gudfred, òg kalla opp etter Gudrød Veidekonge. Hedeby var iallfall ein av dei viktigaste eigedomane hans.

Festning endre

900-talet vart ei anna busetjing danna på nordsida av bukta, men på slutten av 900-talet vart både den nordlege og den sørlege busetjinga forlate til fordel for ein konsentrering av busetjinga midt i mellom.

Frå 1000-talet vart Hedeby verna med festningsvoll i form av ein halvsirkel med eit 1 300 meter lang og kanskje 10 meter høgt treverk mot nord, vest og sør, og som delvis gjekk ut i vatnet på begge sider for å verne skipa i hamna. Festninga var ein del av grensemuren for det sørlege Dannevirke. I dag er festningsvollen dekt av skog, men synleg frå lufta. Byområdet innanfor festningsverket dekte 24 hektar.

Utgravingar endre

Både innanfor festningsverka og særleg utanfor mot sørvest låg det viktige gravstader både med og utan trekister og trekammer. Trekammergravene er meir rikt utsmykka og inneheldt òg spyd og skjold. Det har vore store utgravingar i mange år, men enno er berre rundt 5% av området undersøkt. Ein likevel sjå omrisset av eit større byområde enn nokon annan nordisk kaupang. Ein har spora gatene i Hedeby av treverk, grunnplanane av bygningar som tente til bustader, verkstader av omfattande typar handverk og varehus.

Busetjinga var særs godt organisert med hus på rekkje, fråskilde med gjerde og tredekte grøftar og djupe brønnar for å sikre nok vatn. Undersøkingar av hamnebotnen har gjeve informasjon om bryggekonstruksjonar. Hedeby låg lågt i terrenget og den vasshaldige jorda har verna store mengder organisk material som treverk, lær og tekstil. Òg deler av bygningsverket er vorte verna. Ein replika av eit typisk Hedeby-hus er vorte reist på Moesgård Museum i Danmark. Alt i alt er rundt 340 000 lekamar funne. Det er òg funne fleire runesteinar ved byen som ein kan sjå i Vikingmuseet i Hedeby (tysk Wikingermuseum Haithabu). I tillegg er det funne vraket av eit langskip frå sein vikingtid i bukta. Det er noko fantasilaust døypt til «Hedeby 1». Det er bygd i nordisk klinktradisjon, men enda i ein brann ved eit åtak på Hedeby, truleg tett ved staden der det vart bygd.

Tyding endre

Munken Ansgar fekk omkring 848 løyve til å byggje ei kyrkje i Hedeby, og utførte her den første kristne misjonen i Danmark. Adam av Bremen har rapportert at skip vart sendt frå portus maritimus i Hedeby og til dei slaviske områda, til Sverige, Sambia (i noverande Russland) og til og med til Hellas. Hedeby var òg bispesete og tilhøyrde metropolitanprovinsen til erkebiskopen av Hamburg-Bremen.

Moglegvis vart Hedeby i ei tid kontrollert av eit svensk styre av ein viss Olav på slutten av 900-talet og fram mot 1000-talet. Det vart fortalt til Adam av Bremen av den danske kongen Svein Estridsson, og blir støtta av tre runesteinar funne i Danmark. To av dei vart reist av mor til sonesonen til Olav, Sigtrygg Gnupasson. Den tredje er Eriksteinen som vart reist av ein Erik på 900-talet og oppdaga på ny i 1796 og hadde norske eller svenske runer som skilde seg frå danske, men kan òg ha vore skrive av danskar med yngre utgåve av futhark.

Øydelagt av Harald Hardråde endre

I 934 vart Hedeby erobra av Henrik I av Sachsen, òg kalla ‘Henrik fuglefangaren’. Meir banebrytande var det då Hedeby vart erobra og herja i 1050 av den strie norske kongen Harald Hardråde som ein del av krigen mot Svein Estridson. Snorre Sturlason attgjev ein norsk skald i Harald Hardrådes saga som skildrar herjinga (side 173):

Så for dei sørover til Heidaby, tok og brann kjøpstaden. Då dikta kong Haralds menn dette:
Frå ende til annan heile
Heidaby vi brann.
Eit storverk der vi gjorde,
det sannar sikkert alle.
Svein vi venteleg valdar
sorg. I natt før odda
såg eg i byen elden
høgt ifrå husa rasa.

Det er mogleg ettertida ikkje ser på verket like beundrande som skalden måtte ynskja. Skalden Torleik mumlar om at «slikt var betre ugjort», og etter at nordmennene sette fyr på byen vart han kort tida etter, i 1066, plyndra av slavarar. Innbyggjarane flytta då til Schleswig og Hedeby vart etterlate til historia sitt mørkre.

Danmark mista området som Hedeby låg i til Austerrike og Preussen i 1864 i den andre krigen med Schleswig, og få år etter vart det ein del av det samla Tyskland.

Sjå òg endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre