Hedmarkgruppa, tidlegare kalla sparagmittgruppa, er ei svær lagrekke av sedimentbergartar avsett i eit stort basseng kring Mjøsa, Gudbrandsdalen og Østerdalen. Dei vert delt inn i ein eldre, seinkambrisk del, som truleg er 750 – 650 millionar år gamle, og ein yngre del, som truleg kjem frå tidleg kambrium (mindre enn 542 mill. år tilbake).

Lillehammer-undergruppa består av Brøttumformasjonen (arkosar eller «sparagmittar», gråvakkar og svart skifer, den eldste av formasjonane), Biskopåsformasjonen (elvekonglomerat) og Biriformasjonen (kalk og skifer, den yngste av formasjonane). Det vart funne eit seinprekambrisk fossil, Papillomembrana, i ein fosfathaldig stein i elvekonglomeratet i Biskopåsformasjonen i 1967.

Rena-undergruppa består av Ringformasjonen (sparagmitt), Moelvformasjonen (morenekonglomerat), Ekreformasjonen (skifer) og Vangsåsformasjonen (sparagmitt og sandstein). Den yngste delen av Vangsåsformasjonen er truleg frå kambrium.

Kjelder

endre

«Hedmarkgruppen» i Store norske leksikon, snl.no.